Klageavgjerd for nytt anlegg for mottak og mellomlagring av kasserte kjøretøy ved Figgjoelva
Miljødirektoratet har handsama klagen frå Figgjo elveeigarlag og gitt medhald til Hermod Teigen AS sitt nye anlegg på Foss-Eikeland i Sandnes.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 15.06.2016
Hermod Teigen AS søkte om løyve etter forureiningslova for å etablere eit anlegg for både mottak og mellombels lagring av skrapmetall og behandling av kasserte kjøretøy på eigedomen 50/71, 50/75 og 50/76 på Foss-Eikeland i Sandnes kommune.
Fylkesmannen avslo skrapmetall-søknaden, men innvilga løyve til behandling av bilvrak. Figgjo elveeigarlag påklaga Fylkesmannen sitt vedtak. Miljødirektoratet har no stadfesta Fylkesmannen sitt vedtak.
Sjå saksdokumenta i høgremargen.