Rettleiarar for oppfølging av brot på jordlova, konsesjonslova og skogbrukslova
Landbruksdirektoratet har på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet utarbeidd nye rettleiarar for oppfølging av brot på høvesvis jordlova, konsesjonslova og skogbrukslova.
Bakgrunnen for oppdraget er mellom anna Riksrevisjonen sin rapport «Matsikkerhet og beredskap» kor det kom fram at oppfølginga av driveplikta ikkje er god nok, samt Økokrim sin temarapport om ulovleg hogst, kor det kom fram at det er få lovbrot på skogbrukslova som vert meldt til politiet. I tillegg er det ein generell etterspurnad etter rettleiing frå kommunane og statsforvaltarane.
Landbruksdirektoratet har nytta ulike rettskjelder i arbeidet sitt, samt hatt ei spørjeundersøking mot statsforvaltarane sine fagnettverk og ulike miljø for innspel til arbeidet.
Rettleiarane er digitale løysingar på Landbruksdirektoratet sin nettstad.
- Rettleiaren Oppfølging av brot på jordlova og konsesjonslova finn de her.
- Rettleiaren Oppfølging av brot på skogbrukslova med forskrifter finn de her.