Framleis mogleg å melda seg på Landbrukskonferansen 20. mars

Frist for å melda seg på er 10. mars!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.03.2023

No nærmar det seg årets Landbrukskonferanse! 20. mars  kan du få fagleg påfyll, møte gamle kjenningar og nye bekjentskap på IMI Forum Stavanger. Målgruppa for konferansen er folkevalde, bønder og representantar for bondeorganisasjonar, tilsette i landbruksforvaltning og næringar som jobbar mot landbruket.

Lenke til påmelding:

Påmelding til Landbrukskonferansen 2023 (deltager.no)

Konferansen har me kalt «Mat må me ha - bonden, jorda og naturen i samspel» og programmet er som følgjer:

Konferanseleiar; Bothild Åslaugsdotter Nordsletten (dagleg leiar og redaktør i Bondevennen)

08.30 Registrering og servering av kaffi mm.
09.00 Velkomen ved Ståle Hustoft, jordbrukar frå Nedstrand

Miljømessig berekraft - Naturvern og jordvern

09.15  Landbruket må ta omsyn til naturen. Liv Guri Velle, forskingsleiar i Møreforsking
10.00 Kampen om jorda – kommunane sitt handlingsrom til å tilbakeføre utbyggingsområde til jordbruksformål. Nikolai K. Winge, dagleg leiar i Holth & Winge
10.30 Ordførarar kommenterer, Sigmund Lier frå Tysvær kommune og Odd Stangeland frå Eigersund kommune
10.50 Pause

 Økonomisk og sosial berekraft - Fleire bein å stå på

11.10  God inntening på vidareforedling av skogressursane i kombinasjon med mjølkeproduksjon. Kjetil Skartland, bonde og skogeigar
11.35 Inn på tunet  – garden som arena for demensomsorg. Marit og Arthur Salte frå Torvholen Gard
  Time kommune sine erfaringar med Inn på tunet og korleis garden kan bidra til kommunal oppgåveløysing. Andreas Vollsund, ordførar i Time kommune
12.00 Lunsj med lokalmat og drikke frå Rogaland
13.00  Utdeling av Heidersprisen for landbruket i Rogaland ved Geir Skadberg, styreleiar i Rogaland landbruksselskap
13.15 Teknologi, kunstig intelligens og robotisering i drivhus. Atle Rettedal, CEO og gründer av Trolltunga Robotics AS
13.35 Rogalandsbonden må ta mange val nå om dagen - skal, skal ikkje om vegval, økonomi/lønsemd. Bjarne Holm, direktør i Norsk Landbruksrådgiving
14.15 Pause
14.35 Om lag kvar tredje mjølkeprodusent i Rogaland vil slutta med mjølk innan 15 år. Kommentarar frå TINE v/ Asgeir Pollestad og Q-meieriet v/ Geir Vestly
14.50 Bonde i medgang og motgang, korleis unngå psykiske utfordringar. Halle Arnes, fagkoordinator HMS i Norsk Landbruksrådgiving
15.20 Kort oppsummering av dagen v/konferanseleiar
15.30 Takk for i dag. Vel heim!

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.