Tilskot til avløysing ved sjukdom i koronasituasjonen
Landbruksdirektoratet vurderer forløpande om tilskot til avløysing og landbruksvikar må tilpassast koronasituasjonen. Fylkesmannen skal formidle vidare aktuelle spørsmål og problemstillingar, og vil ha kontakt med mellom anna avløysarlaga.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 18.03.2020
To avklaringar så langt er:
- NAV har opna for at leger kan sjukmelde pasientar etter telefonkonsultasjon. Slik sjukmelding gir grunnlag for tilskot.
- Gardbrukarar som må ta seg av barn fordi barnehage/skole er stengt får ikkje tilskot til avløysing.
Landbruksdirektoratet legg fortløpande ut informasjon på landbruksdirektoratet.no