Endeleg oppdragsbrev for strategisk bruk av bedriftsretta landbruksmidlar

Landbruks- og matdepartementet har i supplerande tildelingsbrev for 2016 gitt Fylkesmannen i Rogaland i oppgåve å formidle strategisk bruk av bedriftsretta landbruksmidlar. Midlane blir forvalta av Innovasjon Norge, og skal bli brukt til å støtte investeringar i landbruket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.03.2016

Dei førebelse føringane blei formidla i brev av 14. oktober og av 17. desember 2015. Endeleg  oppdragsbrev inneheld ingen endringar. Måla midlane skal vere med å oppfylle er:

  • Eit variert og aktivt landbruk i heile fylket.

  • Landbruket i Rogaland skal halde oppe husdyrproduksjonen i sentrale område og styrke husdyrproduksjonen i distrikta.

  • Mjølkeproduksjonen i distrikta blir vidareført med minst same volum som i 2010.

  • Beitebruken av både småfe og storfe skal auke, målt som beitande dyr og produsert mengde kjøt.

Prioriteringa av storfeproduksjon ligg fast. Det inneber av tilskot til kraftfôrbaserte produksjonar og tilskot til bygging av nye sauehus ikkje er prioritert.  Satsinga på frukt blir vidareført, og kriterieordninga for etablering og vidareutvikling av frukthagar ligg fast. Arbeidet med å betre vasskvaliteten intensiverast gjennom tilskot til gjødsellager på gardsbruk i nedslagsfelta til prioriterte vassdrag. Det er etablert ny kriterieordning for miljøtiltak gjeldande frå og med 2016.

    

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.