Tilskot til tømmerkai i Vindafjord

Tømmerkai i Eigersund. Foto: Ove Romslo

Vindafjord skogeigarlag får støtte til utviding og oppgradering av eksisterande tømmerkai på Utbjoa. Alle skogeigarane som soknar til kaien får ein tinglyst bruksrett.  

Publisert 13.11.2024

Landbruksdirektoratet har innvilga tilskot til utviding av tømmerkaien på Utbjoa i Vindafjord. Det skal investerast totalt 12 millionar kroner. Staten dekker 80 prosent av investeringa med tilskot under føresetnad av at alle skogeigarane i regionen får ein tinglyst bruksrett til tømmerkaien. Vindafjord Skogeigarlag står som eigar, og er ansvarleg for drift og vedlikehald.

Tredobling av kapasitet

Kaifronten skal utvidast frå 25 til 60 meter. Det er i tillegg eit baklager på 4 dekar. Dette vil auke kapasiteten frå 800 til 2500 kubikkmeter ved kaifront utan kipping frå baklager. Tømmerkaien ligg godt til i skipsleia og sentralt plassert i Sunnhordalandsbassenget,og er godt tilpassa større båtar. Skogeigarane i Karmøy, Bokn, Haugesund, Tysvær, Vindafjord, Etne og delar av Sveio vil med dette vere sikra ein rasjonell og framtidsretta tømmerkai for utskiping av tømmer. 

Støtteordninga skal fasast ut

Arbeidsfrist er sett til oktober 2026. Den korte arbeidsfristen skuldast at ordninga med støtte til utbygging av ein framtidsretta tømmerkaistruktur langs heile kysten nærmar seg slutten. Ordninga blir difor avvikla innan relativt kort tid. Ordninga starta i 2012.

50 millionar kroner til 4 kaiar

Rogaland er med dette prosjektet kome i mål med å få på plass ein god og framtidsretta tømmerkaistruktur. Frå før har Søndenåneset i Vindafjord, Eigersund og Sauda fått investeringstilskot. Totalt har Rogaland investert 50 milllionar kroner i ombygging av eksisterande og nye tømmerkaiar. På landsplan er det så langt gitt 394 millionar kroner i tilskot til 36 kaiar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.