Stor gevinst med rett hogsttidspunkt
Det er store gevinstar for både skogeigar og klimaet med å vente med hogst til skogen har fått med seg åra med best tilvekst.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Rett hogsttidspunkt betyr svært mykje for økonomien til skogeigar. Dette viser ny rettleiar og digital kalkulator frå Skogkurs "Valg av hogstalder". Materialet er utvikla for skogeigaren og rettleiingsapparatet for å kunne ta gode val når skogen bør hoggast.
Kalkulatoren viser kor mykje det er å tene på å vente med hogsten til skogen er hogstmoden. Den er utvikla for gran og kan brukast i heile landet for middels til svært god skogsmark (G14-G26).
Tommelfingerregel viser at du kan sitte igjen med 2 til 3 gonger så stor netto ved å vente 10 - 20 år til skogen har blitt hogstmoden og nådd hogstklasse 5. Årsaken er:
- Høg årlig tilvekst gir stor økning i tømmervolum
- Kvaliteten - sagtømmerandelen aukar monaleg med alderen
- Større volum og dimmensjonar gir lågare driftspris per kubikkmeter
Karbon og klima
Skogen er viktig for klima og bind mykje karbon gjennom fotosyntesen når den vokser, og bidrar dermed med til å fjerne CO2 frå atmosferen. Rettleiaren samanliknar to like skogeigedomar, der den eine høgg konsekvent 20 år før normal hogstmodenhet og den andre ved hogstmoden alder. Denne forskjellen i hogstpraksis gir store utslag i karbonbinding, faktisk dobbel så stor karbonbinding ved å vente med hogst til hogtsmoden alder.
Utslag og betydning for både klima og økonomi aukar desto betre skogsmarka/boniteten er. Vestlandet har generelt svært gode forhald for skogproduksjon, og der spesielt grana trivs godt og utnytter lang vekstsessong i eit mildt og nedbørsrikt klima svært godt. Det er difor ekstra god grunn til å ikkje gå laus på granskogen for tidleg.
Rettleiaren inneheld også to illustrative og korte videoar som forklarar på ein god måte kvifor val av hogstidspunkt er heilt vesentleg, og som ein viktig del av faktagrunnlaget.
- Skogen si verdiutvikling: Skogens verdiutvikling og rentekrav (vimeo.com)
- Verknad på tømmeret sin verdi og betalte volum ved aukande alder: Avsmaling, skurutbytte, mm (vimeo.com)
Skogkurs har utvikla rettleiaren og kalkulatoren i samarbeid med NIBIO, AT-Skog SA, AllSkog SA og Statsforvaltaren i Trøndelag og Rogaland. Kystskogbruket har saman med Skogkurs stått bak finasieringa av prosjektet.