Ny melding om kystskogbruket er klar for politisk behandling
![](/siteassets/fm-rogaland/bilder-fmro/landbruk/skogbruk/hogst.jpg)
Fylkeskommunane frå Agder til Finnmark har utarbeidd ei ny melding om kystskogbruket 2022, med mål og strategiar for å utvikle potensialet i skog- og trenæringa langs kysten. Meldinga har nyleg vore på høyring. Mange gode innspel er tatt med i meldinga som no ligg til politisk behandling i alle fylkeskommunane.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 02.06.2022
Parallelt blir det arbeida med handlingsdelen, eit fylkeskommunalt oppfølgingsprogram, for å følgje opp innhaldet i meldinga.
![Kystskogmelding 2022 Kystskogmelding 2022](/siteassets/fm-rogaland/bilder-fmro/forsidebilder/framside_kystskogmelding-2022.jpg)
Kontaktpersonar
-
Stein Bomo
Tlf: 51 56 89 72