Kortreiste juletre
Rogaland er fylket med størst juletreproduksjon i heile landet, og produsentane melder inn rundt 70000 juletre årleg. Det er ikkje alle produsentar som melder inn juletresalet, så det eigentlege talet er truleg større.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Eit lokalprodusert juletre er kortreist med låge utslepp. I tillegg bidreg lokalproduserte juletre til verdiskaping i distrikta nær deg. Fleire kommunar har innsamling av juletre som ein del av renovasjonen slik at innbyggarane kan levere juletrea etter bruk med godt samvit.
Det blir produsert mykje juletre i Rogaland, så moglegheitene er store for å få tak i eit kortreist juletre. Landbruksavdelinga hjå Statsforvaltaren har juletre som er produsert i Hjelmeland kommune. Hugs å spørje om kvar juletreet er produsert. God Jul!