Bli med og form framtidas skogbruk!

Har du interesse for skog og næringsutvikling? Vi kan tilby varierte og spanande oppgåver, alt frå forvaltning til bruk av skogressursen til grøn næring. Her får du høve til å arbeide med klima og verdiskaping – bioøkonomi i praksis.
Dette kan vi tilby:
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver innan skogforvaltning og næringsutvikling.
- Moglegheiter til å bidra til grøn omstilling gjennom heile verdikjeda, frå skogbruk til sluttprodukt.
- Arbeid i dialog med kommunar, næringsliv og organisasjonar.
- Interessante utviklingsprosjekt, som bruk av trevirke til dyrefôr, byggemateriale og energi.
Sjå heile stillingsannonsa på Jobbnorge.no.
Kven søker vi?
Vi ser etter deg med relevant kompetanse innan skogfag. Samstundes er vi opptatt av å finne den rette personen, og derfor kan anna utdanning kombinert med erfaring frå skogbruk og næringsutvikling også vere aktuelt. Nyutdanna er velkomne til å søke!
Kvifor jobbe hos oss?
Hos Statsforvaltaren i Rogaland får du vere med å påverke utviklinga av eit berekraftig skogbruk. Det er 23 tilsette i avdelinga som alle ønskjer å gjere kvarandre gode. Vi har fadderordning, og du kan sjølv vere med å forme innhaldet i stillinga.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med landbruksdirektør Monica Dahlmo eller assisterande direktør Anfinn Rosnes.