Nytt prosjekt: Gode skogsvegløysingar i Rogaland

Eit nytt treårig prosjekt er sett i gang for å styrke planlegginga av skogsvegar i fylket. Vi oppfordrer alle som går med planar om å bygge veg om å nytte seg av vegplanleggaren som er tilsett i perioden.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.02.2017

Fylkesmannen i Rogaland har saman med Hjelmeland kommune tilsett Kristofer Tveiterå som vegplanleggar i eit treårig prosjekt frå 2017 til 2019.

Vegplanleggaren kan nyttast til områdeplanlegging og prosjektering av vegar. Målet med prosjektet er å realisere kommunanes hovudplanar for skogvegbygging, i samråd med skogeigarar og kommunens skogansvarlege.

Klikk deg inn på faktaarket om prosjektet for ein meir detaljert oversikt over kva oppgåver vegplanleggaren kan nyttast til.

Vi oppfordrar alle som går med planar om å bygge skogsvegar om å ta kontakt med Kristofer på tlf. 404 39 128 eller kristofer.tveitera@hjelmeland.kommune.no, eller med skogansvarleg i sin kommune.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.