Rundtur med gardsbesøk på Jæren

Velkomen til ein unik moglegheit til å bli kjend med øko-entusiastar og nokre av dei flotte, økologiske gardane på Jæren!

Publisert 19.09.2024

Oppmøte Klepp stasjon (vi køyrer saman i buss).

Pris inkl. buss og lunsj: 300 kroner (medlem i Økologisk Norge) / 500 kroner (ikkje medlem)

Begrensa tal plassar.

Du må betale for å stadfeste påmeldinga (sjå info i påmeldingsskjemaet).

Start og slutt på Klepp stasjon, vi køyrer saman i buss. Tidspunkt er sett i forhold til togruter. Det er også god parkering på Klepp stasjon.

Me skal innom tre gardar:

1. Krossvoll gard (Klepp) - økologisk gard med mjølkeproduksjon, egg, grønsaker og potetar. Dyrkar og korn som brukast som fôr til eigne dyr. Har dreve i snart 30 år, alltid økologisk. Har og gardsutsal, der ein kan kjøpe grønsaker, potetar og egg.

2. Dalheim gård (Time) - driv primært med surdeigskurs, men har og utsal av bakervarer og økologisk grønsaksproduksjon. Sjå heimesida for litt meir informasjon. Her blir det lunsj, og medan me spis får me eit mini-foredrag om surdeig og ein presentasjon om Dalheim gård, og korleis dei driv og lever på eit småbruk. Til slutt blir det basar med gevinstar som til dømes eit brett med egg frå nabogarden.

3. Erga gard (Klepp) - økologisk gard med ammekyr (Dexter), sau, gulrot, egg, tomat og potet. Har eit spesielt drivhus, som er uoppvarma og har ein salamanderdam, driv med målretta beiting og kompostering. På garden bor det fire generasjonar.

På Dalheim gård får me ein herleg lunsj som er inkludert i turen: mektig, krema suppe med linser og økologisk grønkål som er dyrka på Dalheim gård, surdeigsbrød og rundstykke med mykje godt tilbehør som ostar frå Ystepikene, kaffi og energibarar laga med ekte økologiske råvarer.

Hugs å kle dykk etter værforholda.

NB: På den første garden må me parkere ca. 1 km unna garden. Det er nemlig ikkje mogleg å komme til med buss, og det er begrensa med parkering der. Ta kontakt dersom dette gjer det vanskeleg for deg slik at me kan finne ei løysing.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.