Ønskjer å styrke innsatsen mot antibiotikaresistens
Landbruks- og matdepartementet har no lansert ein handlingsplan mot antibiotikaresistens innanfor departementets sektoransvar. Målet er mellom anna å redusere bruken av antibiotika i norsk husdyrproduksjon.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Under sitt besøk i Rogaland tysdag tok statsråden turen innom gardbrukarane Gerd Svendsen og Olaf Tysland Stokka. Dei har slakta ut all gris etter at dei blei ramma av MRSA-smitte.
I handlingsplanen er det sett opp fleire tiltak mot antibiotikaresistens innanfor landbrukssektoren. Mellom blir det lagt opp til å vidareføre omfattande tiltak for å hindre at norske svinebesetningar blir et reservoar for resistente bakteriar.
Meir informasjon om handlingsplan mot antibiotikaresistens finn de på nettsidene til Landbruks- og matdepartementet.
MRSA
MRSA-bakteriar er ein type gule stafylokokkar som har utvikla motstandsdyktighet mot fleire typar antibiotika, og desse kan smitta mellom folk og dyr. Svinebesetningar som får påvist smitte må slakte ut all gris og sanere bygningar for å bli kvitt bakteriane. Meir informasjon om MRSA finn de på nettsidene til Mattilsynet.