Heiderspris til Eirik K. Hobberstad

Rogaland landbruksselskap sin heiderspris for 2015 er tildelt Eirik. K. Hobberstad. Han får prisen for sitt engasjement for utdanning og kompetansebygging i landbruket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.03.2016

Han har vore ein eldsjel for å inspirere ungdom med interesse for landbruk til å ta landbruksutdanning. Han har og vore ein positiv pådrivar for å få ungdom til å fullføre utdanninga dei har starta på. Gjennom sitt sterke engasjement har han bidrege til å utvikle eit skreddarsydd utdanningstilbod innan landbruk. Dette gjeld utdanningstilbod både på vidaregåande nivå og på høgskulenivå, både for ungsom og vaksne.

Hobberstad har og lang fartstid som aktiv bonde, og han har saman med kona drive eit gardsbruk i tillegg til å vere aktiv tillitsvalt i fleire landbruksorganisasjonar.

Om heidersprisen

Rogaland landbruksselskap deler årleg ut ein heiderspris. Prisen består av Rogaland landbruksselskap sin diplom og eit kunstverk. Heidersprisen skal gå til ein eller fleire knytt til landbruket som siste år, eller i ein periode, har gjort ein positiv innsats ut over det ein normalt kan forvente.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.