Desse styrer landbruksavdelinga

Hadle Nevøy har takka for seg etter mange år som landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Rogaland. Inntil ein ny landbruksdirektør er på plass, er det denne gjengen som styrer landbruksavdelinga. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.02.2016

Geir Skadberg er nå konstituert landbruksdirektør. Sissel Endresen er konstituert nestleiar i avdelinga, med særleg ansvar for dei økonomiske verkemidla. Anfinn Rosnes er frå før assisterande landbruksdirektør. Han har, i tillegg til kommunereformarbeidet, ansvar for areal og eigedom.

Søknadsfristen er ute

Fristen for å søkja jobben som landbruksdirektør har nå gått ut, men det vil ta litt tid før det er avklart kven som overtar permanent etter Hadle Nevøy.

Hadle Nevøy (t.v.) blei takka av som landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Rogaland i sist veke av assisterande fylkesmann Harald Thune og fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar