Har du gløymd å melde deg på Landbrukskonferansen 2025?

No er siste frist for påmelding til Landbrukskonferansen, og dei siste justeringar i programmet er gjort. Konferansen er aktuell for alle som er opptekne av framtida for landbruket, og meld deg på nå så er du sikra plass.
Landbrukskonferansen i Rogaland er blitt ein fast tradisjon før våronna. Siste programversjon finn du her.
Matforsyning og beredskap må bli viktig tema opp mot valet i september
Av programmet kan du sjå at det er fleire aktuelle tema vi skal innom denne dagen. Diverre hadde ikkje ny landbruks- og matminister høve til å kome, men det er likevel nok av spanande postar på programmet. Noregs sjølforsyning blir sett høgt på politisk dagsorden og rogalandsbonden er viktig for heile landet. Det er på sin plass med eit ordskifte mellom sentrale politikarar i eit år med stortingsval, særleg i ei tid der landbruk og matforsyning er blitt eit så sentralt tema.
Meld deg på nå
Vi har ei særleg målsetting om god oppslutnad frå kommunale politikarar, men også at bønder er godt representerte. Førebels ser det ut til at me går mot rekorddeltaking for bønder, noko som kan tyda på at me har eit program som treffer godt, og at det er eit stort engasjement i næringa. No er tida for å sikra din plass under konferansen. Hugs, bonden får halv pris på ordinær billett. Meld deg på!