Landbruket i Rogaland sin heiderspris til Stina og Øystein Fosen

Dei satsar friskt på geit og stølsdrift. I dag blei Stina og Øystein Fosen frå Vikedal i Vindafjord tildelt landbrukets heiderspris for 2024.
Stina og Øystein Fosen driv gard i Vikedal saman med deira to barn. Stina er utdanna ullklassifisør. Ho har jobba på Nortura i Sandeid, men er no heiltidsbonde. Øystein er snikkar og jobbar stort sett utanom garden i vintermånadane. Artikkelen held fram under videoen.
Stina er engasjert og ein pådrivar i landbruket. Dei leigde gardar fram til dei fekk kjøpe seg eigen gard. I dag har dei 27 tonn geitemjølk, der mykje av mjølka går til ysteriet om sommaren. Brunosten vert laga på plassen og selt i butikken på stølen. Litlastølen ligg ved RV520, ein nasjonal turistveg mellom Sauda og Røldal. Dette er den einaste stølsdrifta i Rogaland fylke som får tilskot til aktiv stølsdrift. Tilskotet var nær ved å bli fjerna frå ordninga i Rogaland, sidan ingen søkte. Stina og Øystein har vist eit fantastisk pågangsmot.
Om Heidersprisen
Rogaland landbruksselskap deler årleg ut ein heiderspris. Denne skal gå til ein eller fleire med yrket sitt i landbruket, fortrinnsvis aktive bønder som har gjort ein positiv innsats ut over det ein normalt kan forvente.
Ved vurdering av kandidatane blir det lagt vekt på kriteria nedanfor:
- har profilert landbruket på ein positiv måte mot resten av samfunnet
- har fremma positive idear for vidareutvikling av bygdene i Rogaland
- har vore ei drivkraft i utvikling av ei levedyktig bygd og/eller eit grannelag
- er eit føredøme i arbeidet for vidareutvikling av kulturlandskapet
- har profilert og i praksis gjennomført jordbruksdrifta si med høg miljøstandard, og har hatt fokus på etikk i fjøs og/eller gris-/fjørfehus
- har hjelpt ein yrkesbror eller syster gjennom ein vanskeleg periode
- har utvikla nye produkt eller tenester som kan gjere landbruket meir robust
Sjølve prisen
Heidersprisen er Rogaland landbruksselskap sin diplom laga av Rita Aase Austvoll og eit kunstverk laga av Lise Birkeland.
Vi gratulerer Stina og Øystein med heidersprisen!