Sommarnytt frå Sauda

Åbødalen, foto: Sauda kommune

Sommaren er også kommen til Sauda. Beitedyra er sleppte på beite og det er berre velstand.

Publisert 28.06.2024

Me har motteke ei sommarhelsing frå Sauda kommune som vi ønskjer å dele med alle. 

Husdyrproduksjon

Tal føretak som søkjer produksjonstilskot ligg på om lag 60 pr. år.

Hovudproduksjon består av: Sau, storfe, mjølkeproduksjon og ammekyr. Ein har produksjon av egg, gris og frukt.

Det som særpregar landbruket i Sauda er tilgang til og nærleik til hei og utmarksbeite, noko som og gjenspeilar seg i den store overvekta av sauedrift.

Tal på mjølkebesetningar har gått ned i frå 6 i 2008 til 2 i 2023. Det er også ein reduksjon i øvrig storfe.

Slaktegrisbesetningane har dei siste åra blitt redusert frå 9 til 5. Sau er relativt stabilt, men mange har gått over til utegangarsau. Dette er eit utviklingstrekk som er positivt for kulturlandskapet.

Arealfordeling

Arealet fordelar seg slik: 3573 da fulldyrka (0,7%), 477 da overflatedyrka (0,1%), 4433 da innmarksbeite (0,8 %), 113 725 da skog (20,8%), 4548 da bygning/samferdsel (0,8%), 291 108 da anna markslag (53,3%), 128 681 da ikkje kartlagt (23,5 %).

Utfordringa ligg i å stimulere og bidra til fortsatt drift av alle gardsbruk for slik å hindra gjengroing av både innmarks- og utmarksareal samt hindre forfall av stølsområde og eldre bygg som ikkje lenger er ein del av den aktive drifta på gardane.

Utviklingsprosjekt

I 2024 her det gitt midlar gjennom Rogaland fylkeskommune sine rekruttering- og kompetansehevingsmidlar til prosjektet Saudabonden 2024. Det skal vere tre samlingar med fokus på Saudabonden, og det er god deltaking i prosjektet.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.