Velkommen til Fagsamling i Ryfylke, 29. – 30. mai 2024
Tradisjonen tro arrangerer Statsforvaltaren i Rogaland fagsamling for landbruksforvaltninga i stat og kommune. Her blir vi betre kjent med andre med same jobb, og får fagleg påfyll. I år held vi oss i Ryfylke og overnattar på Ryfylke fjordhotell i Sand.
Nytt av året er at vi tar busstur med synfaring på dag 1, og fagleg innhald på dag 2.
Denne samlinga startar med busstur med besøk på garder i Ryfylke og mykje anna spennande, onsdag 29.mai. Det er planlagt to ulike bussturar som vil bestå av litt ulike tema. De kan velje ein av desse to turane. Begge bussturane avsluttar turen på Ryfylke fjordhotell i Suldal på ettermiddagen. Her blir det middag og overnatting. Torsdag 30. mai vil bestå av ei samling med fagleg innhald på Ryfylke fjordhotell.
Program
Onsdag 29. mai
Dag 1 – Busstur
Det er planlagt to bussturar som du som deltar kan velje mellom. Turane har litt forskjellige tema og vil besøkje ulike stadar. Buss 1 vil ha avreise frå Stavanger Bussterminal, undervegs i bussen vil representantar frå kommunane me besøkjer fortelje om landbruket i sin kommune. Buss 2 vil ha avreise frå Sand sentrum/hurtigbåtkai. Meir detaljert program for turane kan du sjå under, og det vil kome meir informasjon etter kvart. Me tar atterhald om endringar i programmet.
Buss 1- Strand og Hjelmeland
Turleiar: Tonje Rostad Solhus frå statsforvaltaren, ein representant frå landbruksforvaltninga i Strand kommune og ein representant frå landbruksforvaltninga i Hjelmeland kommune
09:15 Avreise Stavanger Bussterminal
09:20 Køyrar innom Fiskepirterminalen og hentar dei som kjem med båt inn til Stavanger
Informasjon om landbruket i Strand på bussen frå Solbakk. Der serverast noko mat undervegs i bussen
10:15 Besøk hos Melhus Barkved, Strand kommune
Tema: Trefjøs med mjølkeproduksjon
11:00 Besøk hos gardssag hos Magne Jakob Bjørheim, Strand kommune
Tema: Gardssag med store dimensjoner og sau og hytteutleige
Informasjon om landbruket i Hjelmeland på bussen
12:30 Besøk hos Geirmund Helgøy på Helgøy, Hjelmeland kommune
Tema: Frukt- og bærdyrking
14:00 Lunsj på Smaken av Ryfylke
Tema: Informerer om smaken av Ryfylke
15:20 Besøk hos Apal Sider ved Dan Olav Sæbø, Hjelmeland kommune
Tema: jordbruksproduksjon, næringsutvikling
17.20 Framkomst Ryfylke fjordhotell
Buss 2 – Suldal
Turleiar: Atle Aasberg Hellumbråten frå statsforvaltaren og ein representant frå landbruksforvaltninga i Suldal kommune
09:30 Avreise frå Sand sentrum - det går ein hurtigbåt kl 07.15 frå Stavanger for de sprekaste frå sør, der buss frå Jelsa er i Sand til turen startar (Anfinn vil omtale alle øyar frå båten).
09:45 Suldalsføret – Ritlandsneset. Besøk hos Ole Martin Eikeland,
Tema: Mjølkproduksjon, ombygging, gardssag, og kulturminner
11:00 Hestekatedralen. Besøk hos Mina og Njål Lunde
Tema: Landbruksbyggninger i tre
12: 15 Hamrabø - Bjørkebes gard. Besøk hos Marit og Jarle Tveit
Tema: UKL-område. Tildelt Olavrosa - Norsk Kulturarv frå 2022
Lunsj på Hamrabø. Lunsj frå Enerhihotellet med lokal mat og drikke
13:50 Våge, Besøk hos Helene og Lars Vaage
Tema: Honning, ved, sau, styvingstrær, kraftverk, vindkraft planar. Kanskje får du sjå korleis Englandskabelen ser ut?
15:30 Hanakamneset. Besøk hos Åse Marit og Rolf Henrik Tveit
Tema: Eldhus med bakeromn og produkt av utegangargris. Me får ein smak av baksten.
16:40 Framkomst Ryfylke fjordhotel
For at ikkje bussen frå sør blir for full, er det lagt opp til at dei fleste av dokke frå Haugalandet møter på Sand. Undervegs blir det servert god lunsj. Turen vil ta dykk igjennom mykje fint kulturlandskap i vakre Suldal.
Me håpar de vil bli med på denne turen som vil innehalde mykje spennande
Fellesdel på kvelden
19:00 Felles middag på Ryfylke fjordhotell
Torsdag 30. mai
Dag 2 vil bestå av fagleg innlegg, program for dagen kan du sjå under. Me tar atterhald om endringar i programmet.
Dag 2 – Fagleg innhald
08:30 - 09:00 Velkommen og nytt frå landbrukspolitisk ved Monica Dahlmo
Tilskot og miljø
09:00 - 09:50 Kantsoner krav og oppfølging. Produksjonstilskot og inngrep i kulturlandskap og avkorting etter §4
09:50 - 10:10 Pause
Areal og eigedom
10:10 - 11:00 Eksempelsaker deling, konsesjon, bruksstruktur, pris, AS ved Malene Hassel Sørensen, Helene Medhus Skedsmo, Aurora Skimmeland og Rune Lian
11:00 - 12:00 Lunsj
Skog
12:00 - 12:50 Skog og nye regler ved Stein Bomo og Atle Aasberg Hellumbråten
12:50 - 13:10 Pause
Næringsutvikling
13:10 - 14:00 Innovasjon Norge kommer
14:00 – 14:10 Avslutning av samlingen
14:45 Hurtigbåt tilbake til Stavanger
For å melde deg på årest fagsamling i Ryfylke klikk her
Vil du delta på årest fagsamling, må du melde deg på innan påmeldingsfristen tirsdag 2. april.
Har du spørsmål eller innspel til fagsamlinga så kan du ta kontakt.
Priser
- Full konferansepakke enkeltrom – kr 4 000,00
- Full konferanse dobbeltrom pr. person - kr 3 200,00
- Dagpakke dag 1 - kr 1 800,00
- Dagpakke dag 2 - kr 1 000,00
- Middag 29.mai - kr 1 000,00
- Dagpakke dag 1 + middag – 2 800,00
- Dagpakke dag 2 + middag – 2 000,00