Mot til å meina og styrke til å skapa gav heiderspris

Tor Bjarte Grødem og Anne Frøyland Grødem er vinnarar av Rogaland landbruksselskap sin heiderspris for 2021.
Tor Bjarte Grødem og Anne Frøyland Grødem er vinnarar av Rogaland landbruksselskap sin heiderspris for 2021. Foto: Geir Skadberg.

I dag blei landbruket i Rogaland sin heiderspris for 2021 tildelt Anne Frøyland Grødem og Tor Bjarte Grødem.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.03.2022

Begge lever av garden

Hovudproduksjonane på garden er allsidig mjølkeproduksjon og grovfôrdyrking. Snautt 500 dekar til slått og om lag 100 dekar kulturbeite. Det blir nok stadig lengre mellom bruka der begge har garden som einaste arbeid. Fulltidsbønder begge to altså. Noko som kan inspirera andre. Så har dei også bygd seg ein familie med 5 ongar, i alderen 16 – 25 år.

Matjorda er viktigast

Anne er nok mest kjend for ho som bestemt sa nei til 150 millionar kroner for garden. Mi jord skal ikkje byggast ned, sa ho. Ho er klar på at matjorda er ein ikkje-fornybar ressurs som ikkje kan vurderast kortsiktig i forhold til eiga økonomisk vinning. Det blir sagt om Anne at ho er ei dame som har mot til å meina. Både det lokale bondelaget og produsentlaget i TINE får glede av Anne sine ressursar. Anne er kjend som ei dame som er god å samarbeida med. Også Tor Bjarne er bonde 100 prosent. Oppgjennom åra har han arbeidd mykje med jorda. Han er med på alle møta til bondelaget, og er aktiv i studieringarbeidet. I bedehuset på Fotland er han kjend som dugnadsgeneralen.

Styret i Rogaland landbruksselskap konkluderer kven som får heidersprisen. For årets vinnar er det spesielt vektlagt at Anne og Tor Bjarte har profilert landbruket på positive måtar mot resten av samfunnet. Vidare går alltid prisen til personar av den «ueigennyttige» typen, altså dei som gjer noko ut over det ein normalt kan forventa, og som betyr noko for andre.

Heidersprisen er Rogaland landbruksselskap sin diplom laga av Rita Aase Austvoll og eit kunstverk laga av Lise Birkeland.

Vi gratulerer Anne Frøyland Grødem og Tor Bjarte Grødem!

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.