Tankevekkande konferanse om Inn på tunet

Gunn Marit Helgesen, styreleiar i Kommunesektorens organisasjon, under Inn på tunet- konferansen i Stavanger.
Gunn Marit Helgesen, styreleiar i Kommunesektorens organisasjon, under Inn på tunet- konferansen i Stavanger. Foto: Anfinn Rosnes.

Nasjonal konferanse om Inn på tunet-tenester 11. og 12. februar i Stavanger var både inspirerande og tankevekkande. Vi fekk stadfesta at velferdstenester på gardsbruk er eit særs viktig tilbod i ei tid med aukande behov for tenester som gir meistring, utvikling og trivsel.

Publisert 25.02.2025

Inn på tunet (IPT) - konferansen var eit felles arrangement støtta av Landbruksdirektoratet, med eit spanande program. Prosjekteigar var Rogaland fylkeskommune og arrangør var Norges Bondelag, Inn på tunet Norge SA  og Statsforvaltaren i Rogaland. Landbruksdirektør Monica Dahlmo opna konferansen, der ho peika på det store potensialet som ligg i ressursane på garden.

Viktig tilbod til barn og unge

Første dag var tema retta mot barn og unge. Professor Steinar Krokstad, som sjølv kunne fortelje at han streva med å fullføre vidaregåande skule, snakka om aukande utfordringar med psykisk helse hos dei unge. Han peika på kor viktig det kan vere for unge å ha eit tilbod om praktisk arbeid på ein gard som tillegg til skulen.

imagegoeyv.png

Ordføraren i Sola snakka om IPT-tilbod i Sola, for unge som ikkje finn seg heilt til rette i A4-skulen. Vi fekk elles presentert at det kan sparast store samfunnskostnadar ved å legge til rette for at ungdom meistrar livet.

Gode eksempel på demensomsorg på gard

Dag to var tema IPT og demensomsorg der vi blei presentert gode eksempel på slike tilbod. Statsforvaltar Bent Høie opna dagen med å framheve at god helse går på å meistre livet, og oppfordra i eige innlegg kommunane til å ta i bruk IPT-tenester.

image495fs.png

Styreleiar i Kommunesektorens organisasjon, Gunn Marit Helgesen, snakka om berekraftig velferd, og peika på at IPT kan spele ei viktig rolle. Ordførar i Time, Andreas Vollsund, viste til vellykka bruk av IPT-tenester innan demensomsorg. Han trakk fram Torvholen Gard i Klepp som eit godt eksempel.

Ny nasjonal strategi for IPT under arbeid

Landbruks- og matdepartementet presenterte arbeidet med ny nasjonal strategi for IPT. Det blir spanande å følgje dette arbeidet, og vi vil kome med meir informasjon undervegs.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.