Høyring av Regionalt bygdeutviklingsprogram
Fylkesmannen legg revidert Regionalt bygdeutviklingsprogram ut på open høyring. Frist for å kome med innspel er måndag 26. november. Programmet gir føringar for mellom anna regionalt miljøtilskot, midlar til investering og støtte til skogbruket i Rogaland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 12.11.2018
Regionalt bygdeutviklingsprogram skal følge opp nasjonal landbrukspolitikk og gi overordna føringar for dei økonomiske verkemidla:
- Regionalt næringsprogram
- Regionalt miljøprogram
- Regionalt skog- og klimaprogram.
Programmet er forankra i det regionale partnarskapet, og har god kopling mot regionale planar og strategiar.
Høyringsinnspel sendast til e-postadressa: fmropost@fylkesmannen.no innan måndag 26. november.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13