Fossane gard sertifisert økoturisme-bedrift
![Fossane gard ved Janneke Wijgergangs mottek økoturisme-sertifisering av ein representant frå Hanen. Foto: Birgit S. Hagalid. Fossane gard ved Janneke Wijgergangs mottek økoturisme-sertifisering av ein representant frå Hanen.](/siteassets/fm-rogaland/bilder-fmro/landbruk/naringsutvikling/20220302_210048.jpg)
Økoturisme tilrettelegg for natur- og kulturopplevingar med lokal forankring og liten påverknad på miljøet. Fossane gard er det fyrste bedrifta i Rogaland som blir økoturismesertifisert.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Janneke Wijgergangs og Martijn Bellemakers i Fossane gard tilbyr overnatting i tre autentiske gardshus innst i Vormedalen i Hjelmeland kommune. Denne veka blei bedrifta sertifisert gjennom Norsk Økoturisme som den fyrste bedrifta i Rogaland. Det er 19 bedrifter i Noreg som er økoturismesertifisert.
Grunnleggande prinsipp for økoturisme er at aktivitetane er natur- og kulturbaserte, har gjennomgåande liten miljøpåverknad og er sosialt, økonomisk og klima- og miljømessig berekraftige.
Sertifiseringa Norsk Økoturisme er drifta av Hanen som er ein landsdekkande nettverk for verksemder innan bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske i Noreg. Det er 32 Hanen-verksemder i Rogaland i dag.