Ekstra midlar til mjølkefjøs!

Landbruks- og matdepartementet har nå gjort ei omfordeling av midlar til investeringstilskot for 2018. Rogaland får over 5 millionar kroner ekstra.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.11.2018

Mot slutten av året har departementet vurdert bruken av investeringsmidlar i dei ulike fylka. Rogaland er av dei fylka som først gjekk tome for pengar i 2018.

Mjølkefjøs med 15 30 kyr har klar prioritet

Vårt oppdragsbrev er eit styringsdokument for målretta bruk av investeringsmidlane i Rogaland, med særleg fokus på mjølkefjøs for 15-30 kyr. Vi har mobilisert for å få fleire søknadar frå denne målgruppa, og det er kjekt å registrere at det faktisk har gitt resultat. Når vi nå får tildelt ekstra midlar, kan det vere rom for løyving til nokre fleire mjølkefjøs. Det er elles bra å sjå at det framleis er ei satsting innan frukt og bær, nå også morellar. Vi ser gjerne at det kjem inn søknader innan nye næringar, til dømes innan reiseliv og lokalmat.

Møte i partnarskapet 11. desember

Det er avtalt nytt møte i regionalt partnarskap den 11. desember, der vi vil få ein oppdatert status frå Innovasjon Norge og diskutere prioriteringane for 2019. På møtet skal vi også vedta Regionalt bygdeutviklingsprogram, som gir føringar for prioritering av investeringsmidlane.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar