Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2018
Har du eller veit du av nokon som har starta ei vellukka bedrift eller næring med basis i landbrukets og bygdenes ressursar? Vinnaren kan få heile 300 000 kroner.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Men først litt om BU-prisen;
Innovasjon Norge Rogaland og Fylkesmannen si landbruksavdeling deler kvart år ut denne næringslivsprisen til personar som har vist god evne til nyskaping og næringsutvikling innan landbruket. Vi snakkar her om landbruksnæring i vid forstand. Prisen består av eit diplom og prispengar på kr 50.000. Fylkesvinnaren skal i neste omgang ut og kjempe om den nasjonale BU-prisen og ytterlegare kr 250.000 kroner. Den nasjonale prisen blir delt ut under Internationale Grüne Woche (Berlin) 17. januar 2019.
Viktige vurderingskriterier er berekraft (økonomisk, miljømessig og sosialt) og nyskaping. Frist for å melde inn kandidatar er 20. august.
På heimesida til Innovasjon Norge finn du meir informasjon og elektronisk påmelding. Tips kan også sendast direkte til Aart-Dirk van Zanten Magnussen.