Analyserer utviklingstrekk i landbruket

Landbrukspartnarskapet sette kufjøs, hønsehus og miljøtiltak på dagsorden på møtet 11. desember.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.12.2018

Vi har til vanleg eit møte i slutten av året, m.a. for å få presentert status frå Innovasjon Norge når det gjeld tildeling av investeringsmidlar. Dette møtet er nyttig for å kunne skaffe grunnlag for målretta for bruk av midlane i 2019.

Mål om 20 nye mjølkefjøs med 15-30 kyr i 2019

Vårt oppdragsbrev er eit styringsdokument for målretta bruk av investeringsmidlane i Rogaland. I 2018 er det ei særleg prioritering av mindre mjølkefjøs basert på eige grovfôrgrunnlag og mjølkekvote. Det viser seg at det har vore ein tydeleg auke i løyvingar innan denne målgruppa, og at mobiliseringa har gitt resultat. Det er også grunn til å tru at dette også vil få positive konsekvensar for 2019, der målet bør vere 20 nye mjølkefjøs i denne målgruppa. Vi er her i ein kritisk situasjon når det gjeld behovet for fornying av driftsapparatet.

Miljøtiltak vil ha prioritet

Vi fekk også informasjon i møtet om at det er finansiert ein del nye gjødsellager med grunnlag i den ordninga vi blei samde om i møtet i juni. Dette blir ei viktig satsing også i 2019.

Strategi for 2019 blir avklart i februar

Ut over det som her blir nemnt, vil prioriteringa av investeringsmidlane i 2019 bli endeleg avklart i neste møte som er avtalt til 20. februar 2019. Dette gjeld m.a. vidare satsing på storfekjøt og frukt og bær .

Fjørfenæringa har store utfordingar

Tone Steinsland frå Rogaland fjørfelag orienterte om utfordringar knyta til omlegging til frittgåande høner. Eventuell støtte til dette vil bli teke opp i møtet i februar.

Regionalt bygdeutviklingsprogram (IBU)

Sluttversjon av Regionalt bygdeutviklingsprogram blei presentert i møtet. Det kom ein del forslag til justering, og det blei gitt fullmakt til landbruksdirektøren til å sluttføre dokumentet. Det kjem meir informasjon om dette i eiga nettsak.

Elles orienterte Rogaland fylkeskommune om nyleg vedteken Strategi for bioøkonomi i Rogaland.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar