Ungdom med Grøn framtid ... og kanskje ein Limousin?
For å gi ungdom ein smakebit av kva det vil seie å leve av naturen, starta prosjektet Grøn Framtid opp med kurs innan forskjellige tema for ungdom i Rogaland i fjor. Det blei arrangert helgekurs med små grupper hos engasjerte næringsdrivande. Grøn Framtid held fram med spanande kurs for naturbruksinteresserte ungdom i år.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
4H Rogaland står bak prosjektet og fylkeskommunen er ein viktig støttespelar. Deltakarane er frå 13 -21 år og har ei interesse for naturbruk til felles.
Den 6.-8. mars gjekk startskotet for Grøn Framtid 2015. Hanne og Arild Helland, våre dyktige unge mjølkebønder opna med kurs i mjølkeproduksjon og kurset var suksess. Vi tok ein ringerunde til dei andre kursinstruktørane for å høyra kva som skal skje i år og starta med Torleif Susort som skal ha kurs i kjøtproduksjon:
Limousin-shopping, Jacuzzi og produksjon av førsteklasses kjøt
På kurs i kjøtproduksjon hos Torleif Susort i fjor stod Torleif i telefonen og forhandla om kjøp av eliteoksen Isle av Øyestad på auksjon på Hamar, medan deltakarane følgde spent med. Han fekk oksen, og Isle er no på garden, klar for besøk av nye deltakarar.
Tema på kurset hos Torleif er kjøtproduksjon og dette er han glødande oppteken av. «Limousin storfe produserer førsteklasses kjøt, og alt eg kan om dette vil eg gjerne lære vidare til ungdommane. Dei skal også få smake på kjøtet, slik at dei forstår kvifor vi er så opptekne av dette.»
Det er omtrent 140 dyr på garden i år, 139 av desse er reinrasa. I år er det om lag 60 kalvar på garden, og dei er klare for å komme ut i frisk luft! I fjor koste deltakarane seg med stell av kalvane og fekk sleppe dei ut.
Men gardsdrifta består av mykje meir enn berre stell av dyra. Her har vi og traktorar og minigravemaskin som deltakarane kan få øve seg på. Det var dessutan populært blant deltakarane i fjor å få prøve å pløya. «Du må forresten seie til deltakarane at dei gjerne må ta med badetøy.» seier Torleif på tampen av telefonsamtalen. Jasså? Tenkjer du at dei er så tøffe at dei våger seg uti sjøen? «...Vi har nemleg fått oss oppvarma jacuzzi og ungdommane må gjerne testa han ut!»
Bæ bæ vesle lam, har du behov for ein helsesjekk?
Neste bonde ut er Asbjørn Haga som har sau og villsau på garden sin på Figgjo. Det er første gong Grøn Framtid arrangerer kurs om sau, men Asbjørn har mykje han vil lære våre unge deltakarar om praktisk sauehald og lamming 24.-26. april. Deltakarane skal vere lammevakt om natta i ei bu med vindauge ut mot heile fjøset. Blir det lamming, må deltakarane til pers som assistentar for Asbjørn. «Eg ventar 230 lam denne våren og 10 av dei har kome allereie, det er altså 220 lam igjen, så det kan godt bli travle lammevakter under kurset i april!»
Nett som Hannah Montana i Disney Channel har Asbjørn to ulike roller som han vekslar mellom. Den eine er bonden Asbjørn og den andre er NMBU-Asbjørn som jobbar på NMBU (tidlegare kjent som veterinærhøgskulen). «Her blir sauer obdusert slik at årsaka til dødsfallet blir kjent. fortel Asbjørn. «Ungdommane skal få ei omvising på NMBU under kurset, og då skal dei få undersøke avføringa til eit lam.»
Villsauene til Asbjørn treng tilsyn kvar dag. Deltakarane skal få lære litt om villsauen og korleis Asbjørn tek vare på dyra. Men blir det berre fag og arbeid hos deg då Asbjørn? «Det er fritt fram for å bruke TV-en i bua i fjøset om nokre av deltakarane vil kose seg, for eksempel med Shaun the sheep. Eg kjem og til å servere lammekjøt til middag den eine dagen.»
Vrom vrooom i skogen i Nedre Vats
Per Helle som er ein av instruktørane på motorsagkurset i mai, skal lære ungdommane vedlikehald av motorsag, sikker bruk av motorsag , kvisting og felling. Kurset gjev dokumentert opplæring i trygg bruk av motorsag. Det vil seie at deltakarane får med seg eit sertifikat om dei består kurset. Og kva er testen som viser om dei har bestått? «Klarer dei seg gjennom helga utan å kappe av seg nokre lemmer, så reiser dei heim igjen med motorsagsertifikat i lomma.» seier Per med så mykje glimt i auga som det går an å ha gjennom eit telefonrøyr.
Den erfarne Aktivt Skogbruksinstruktøren oppmodar alle deltakarane å ta med eiga sag, for «då kan de lære seg korleis de gjer enkelt vedlikehald og reparasjonar på eiga sag. Det er både økonomisk og effektivt å klare det sjølv.»
Kurset føregår på Stråtveit gard 1. mai-helga. «Dette er for at deltakarane skal ha god tid den første dagen. For mange er det lang reiseveg, då deltakarar frå heile fylket er velkomne.» seier Gerd Inger Aarnes som koordinerer kursa. Ho held fram: «Det blir som ein koseleg hyttetur der vi koker mat på gass, speler brettspel og har dårleg mobildekning.»
For å lese meir om kursa eller melde deg på, sjekk ut 4H Rogaland si nettside.
Aktuelt
Kontaktperson
Gerd Inger Aarnes
Tlf. 95 21 03 57