Temamøte om økonomi i storfeproduksjon
Storfeprodusentar ønskjer meir kunnskap om økonomi og rasjonell drift, og det er grunnen til at dei no blir invitert på møtet om økonomi på Landbrukssenteret på Helleland 5. februar kl 19 – 21.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Martin Svebestad frå Klepp Rekneskapslag vil gå i djupna på lønsemd, dekningsbidrag, produksjonstilskot, faste kostnader, investeringar, finansieringar og driftskapital.
Målgruppe er alle som driv eller vil drive med storfe i Dalane.
Temamøtet er gratis, men vi ønskjer påmelding innan 1. februar til kenneth.bakkehaug@fmro.no eller 90789232.
Arrangørar: Bygdeutvikling i Dalane, Fylkesmannen i Rogaland, Nortura, Prima Gruppen, Fatland, Faglaget Tyr, Rogaland fylkeskommune og Innovasjon Norge Rogaland.