Storkonferanse med meistring som ballast
Korleis kan landbruket, og kontakt med dyr og natur gje meistring og helsegevinst? Noko av svaret får du på ein nasjonal konferanse på Clarion Hotel Energy i Stavanger 2. - 3. november 2015.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Vi ønskjer på konferansen å setje eit ekstra fokus på utsette barn og unge, og sjå på korleis landbruket kan vere med å medverke til betre oppvekstvilkår for denne målgruppa. Bruk av planter, dyr og natur i pedagogisk og terapeutisk samanheng vil bli sett på dagsorden. Det vil på konferansen bli lagt vekt på å presentere ny kunnskap og nye strategiar basert på både nasjonal og internasjonal forsking.
Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester frå landbruket. Brukarar av tenestene er barn og unge, vaksne, eldre. Les meir om Inn på tunet hos Matmerk.
Program er under utarbeiding og vil bli sendt ut før sommaren (med påmeldingsskjema) . Hald av datoen!
Kontaktperson hos Fylkesmannen i Rogaland: Bjørn S. Berg, e-post: fmrobsb@fylkesmannen.no Tlf. 51 56 89 93, mob. 905 62 906
Kontaktpersonar for Inn på tunet i dei andre fylkesmannsembeta finn du her.
Fakta
Inn på tunet er eit nasjonalt satsingsområde, og fylkesmannsembeta har oppdraget med å koordinere arbeidet med denne satsinga i kvar sine fylke. Ei viktig nyvinning i seinare tid er at vi har fått på plass eit kvalitetssystem og ei godkjenningsordning for Inn på tunet-gardane. Stiftinga Matmerk forvaltar godkjenningsordninga.
Anna kvart år blir det arrangert nasjonal Inn på tunet konferanse. Arrangør for årets konferanse er fylkesmannsembeta på Vest- og Sørlandet.