Siste grillkveld i Tysværvåg, tysdag 24. september
Storfesatsinga i Rogaland inviterer til den siste grillkvelden hos Kjell Arne Waag, tysdag 24. september kl. 19.00.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Alle som driv eller ynskjer å starta opp med storfe er hjarteleg velkomne til grill og drøs! Det er inga påmelding eller deltakaravgift.
Dette blir det femte møtet vi arrangerer i forbindelse med Storfesatsinga i Rogaland, som er eit initiativ for å få auke i storfekjøttproduksjon. Utover hausten og vinteren skal vi arrangere informasjonssamlingar som fokuserer på spesifikke tema, som lønnsam drift, driftsbygning med meir.
Gjennom bonderetta rådgjeving skal vi hjelpe produsenter å finne løysningar for dei utfordringane dei står foran. Med det kan produsentane få ei meir lønnsam og rasjonell drift, noko som kan føre til auka slakteleveranse. Bak satsinga står slakteria Nortura, Fatland og Prima, samt faglaget Tyr, Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland fylkeskommune og Innovasjon Norge.
For meir informasjon, ta kontakt med Aart Magnussen på telefon 97 12 75 14 eller e-post aart.magnussen@fylkesmannen.no