Prosjekt med støtte frå Fylkesmannen i Rogaland i 2014

I 2014 var det kr 5 448 931 disponibelt til utgreiings- og tilretteleggingstiltak og til økologiske prosjekt. Kr 5 407 485 blei løyvd til totalt 50 søknader.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.03.2015

Her er oversikt over støtte til prosjekt, delt inn etter tema. På høgre sida står kor mykje som gjekk til dei forskjellige tema i høvesvis 2014 og 2013.

Tema Beløp % 2014 % 2013
Energi, skog og klima 770 000 14,2 17,6
Reiseliv 0 0 1,5
Økologisk 515 000 9,5 4,2
Miljø og kulturlandskap 364 500 6,7 5,9
Mat, beite 455 000 8,4 8,8
Kunnskap, forsking, formidling 1 275 000 23,6 21,1
Rekruttering 630 000 11,7 7,3
Arbeidsmiljø i landbruket 70 000 1,3 3,9
Bygdemobilisering 60 000 1,1 3,8
Beredskap og truslar 100 000 1,8 7,5
Mat 815 485 15,1 8,7
Diverse 352 500 6,5 9,7
Totalt 5 407 485    

 

Prosjekta

I 2014 gjekk mesteparten av midlane til prosjekt innan kunnskap, forsking og formidling. Målet med slike typar prosjekt er kompetanseheving retta mot bønder og andre som er knytt til primærnæringa. Det blei gitt støtte til blant anna eit rettleiingsverktøy for riktig gjødsling innan potet samt til ei utgreiing av dekk- og diesellandbruket. Retta mot mjølkeproduksjon blei det gitt støtte til to utgreiingsprosjekt; eitt som gjekk på økonomi og eitt på berekraftig drift av denne produksjonen.

Innan skog og klima har vi støtta prosjekt til forbetring av infrastrukturen i kystskogbruket og til koordinering av investeringsprosjekt for oppgradering av Søndenåneset tømmerkai i Vindafjord. Dei fleirårige prosjekta Trebasert bioenergi og Tredrivar blei vidareført i 2014 og fekk støtte frå utviklings- og tilretteleggingsmidlane (UTM).

I 2014 var det ingen nye prosjekt innan beite og grovfôrbasert produksjon som fekk støtte. Kr 455 000 blei gitt til tre vidareføringsprosjekt, blant dei Storfesatsing i Rogaland. Dette bonderetta rettleiingsprosjekt går nå for full maskin, og det er stadig fleire produsentar som vender seg til oss for å få hjelp ved utbygging  på garden.

Åtte økologiske prosjekt fekk til saman kr 515 000 i støtte. Det er kr 75 000 over det som tidlegare var ramma for handlingsplan økologisk landbruk. I 2014 blei det også gitt støtte til prosjekt innan rekruttering til landbruket: kr 485 000 innan skogbruk og kr 145 000 innan birøkt.

Prosjektet «Til for bonden» fekk i år også støtte for å vidareføra arbeidet overfor bønder som slit psykisk. Dermed håpar vi at fleire menneskelege tragediar og dyretragediar kan bli unngått.

I forhold til mattryggleik blei det i år også gitt støtte til prosjektet «Smittebeskyttelse av sauebesetningar».  Resistente parasitter har vist seg til å vere ei stor utfordring i regionen vår, og dette tiltaket hjelper individuelle bønder å førebygge smitte på garden.

Prosjekta i kategori mat var mangfaldige, men vi vil trekke fram to prosjekt: Det første er Matsmia som er ei samling som skal inspirere til nyetablering, større produktmangfald og auka kompetanse omkring lokalmat. Det andre er Fruktsatsing i Rogaland. Dette prosjektet blei starta opp for å bidra til å dekke den aukande etterspørselen etter norsk frukt.

I år var det ingen prosjekt innanfor (landbruksbasert) reiseliv, medan bygdemobilisering berre hadde eitt prosjekt som fekk støtte (Bygdedagene i Heskestadbygda).

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.