Opplev det beste i Lysefjorden

6.mai 2015 deltok over 80 reiselivsaktørar på ein studietur i Lysefjorden for å bli kjent med kvarandre og kvarandre sine tilbod. Dei fekk innblikk i noko av det beste Lysefjorden kan tilby innan natur og reiseliv.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.06.2015

Bakernes Paradis, Lysebotn Turiststasjon, Lysebotn Kjerag Camping Resort, Hauane Bed & Breakfast, Flørli4444, Outdoorlife Norway og Helleren fekk vitjing av over 80 ulike reiselivsaktørar 6. mai 2015. 

Fjord Norge, Flåm utvikling, NCE Tourism, Region Stavanger, Reisemål Ryfylke, Ryfylke Friluftsråd, Travel Designer (incoming operatør), Amys Base Coffee, Notum, Norled med fleire hadde representantar ombord. Turen starta på Forsand kor reisa gjekk til Bakernes Paradis på Høle-sida. Der fortalde Sonja Hargaut historia om Bakernes Paradis. 

Om bord i båten fekk reiselivsbedriftene presentere seg. Landa Park, Lilland Hotell, Lysefjorden Sjokolade, Marihønehuset, Preikestolen Fjellstue, Preikestolen Golfklubb, Rockman Swimrun, Rødne (som for øvrig stilte med gratis båt), Fonna Fly, Sailsafari, Tide Buss, Verkshotellet, Reiner Speth (sykkelutleige) og Ultra Marathon. På denne måten vart dei betre kjent og fekk vite meir om kva dei driv med. Einskilde bedrifter som til dømes Verkshotellet hadde ni tilsette med på denne turen. 

I Lysebotn vart det besøk til Hauane Bed & Breakfast som har fått nytt kjøkken og nytt grillhus, finansiert av Innovasjon Norge, Kjerag Lysebotn Camping Resort og Lysebotn Turiststasjon (med to unge gutar som drivarar). 

På turen til Flørli vart det tid til litt guiding, godt utført av Inge Håvard Årskog.

Hessel Haker skal drifte Flørli4444 i år med overnatting og servering. I tillegg vil han tilby ulike aktivitetar i samband med mellom anna trappene og kraftstasjonen. Johannes Apon frå Outdoorlife Norway gjorde ein liten guida tur på «Kjærlighetsstien» i Flørli for å vise noko av det han kan tilby. 

Turen vart avslutta på Helleren. 

Kompetanseutvikling, det at folk møtest, kurs og nettverksbygging er viktig i det arbeidet Lysefjorden Utvikling gjer saman med Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke. Å gi dei einskilde bedriftene det dei treng for å auke verdiskapinga deira når 600 000 reisande kjem til Lysefjorden er ein del av dette arbeidet. 

«Kjekt å sjå og bli kjent», «Nettverkbygging og lære kvarandre sine tilbod å kjenne», «Innblikk i noko av det beste Lysefjorden kan tilby innforbi natur og reiseliv» og «Mange små gjer ei stor å» var noko av det som deltakarane fortalte etter turen. 

Opplev Lysefjorden

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.