Nettverksbygging i Berlin
I tillegg til å delta på Internationale Grüne Woche var nettverksbygging viktig på studieturen til Berlin 25-28. januar. 37 matprodusentar og reiselivsfolk drog til Berlin for å oppleve Grüne Woche, delikatesseavdelinga på KaDeWe og økolandsbyen Brodowin.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kjøtt, mjølk, eplemost og vakteleggprodusentar, samt representantar frå reiseliv i Agder og Rogaland deltok på studieturen til Berlin for å få idear og inspirasjon til eiga verksemd ved mellom anna å besøke dei ulike standane på Grüne Woche. Det var ei oppleving utanom det vanlege. 26 hallar med 1600 utstillarar frå 60 land. Mat, reiseliv, dyr, maskinar og utstyr var tema. I år var det rundt 400 000 som var innom messa dei 10 dagane den varte, men omsettinga var høgare enn tidlegare. Kvar betalande besøkande brukte ca. 750 kr på messa.
I tillegg til å besøke messa var deltakarane innom delikatesseavdelinga på KaDeWe. Tore Dahl frå Nedstrand, ein av deltakarane på turen, produserer waguykjøtt og på KaDeWe sel dei dette kjøttet til 198 euro pr kilo!
Siste dagen vart det tid til å besøke økolandsbyen Brodowin. Dette var eit tidlegare DDR-kollektiv som no var privatisert. Der hadde dei kyr, geiter, verpehøns og mellom anna grønnsaker. Dei produserte mjølk på tappeflasker, kesam, ost og smør som dei selde i eige gardsutsal, leverte til grossist i Berlin og leverte til abonnentar i Berlin. Ca 1/3 av produksjonen deira gjekk til abonnentar.