Mjølk frå distrikta taper terreng
Mjølkeproduksjonen i Rogaland har dei siste åtte åra auka med 3,9 % og ligg no på 291 millionar liter. Trenden har dei siste åra vore ganske klar; mjølka renn til Jæren. Sidan 2008 har produksjon av mjølk på Jæren auka med 7,1 %, og er i dag på heile 190 millionar liter.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I same periode er mjølkeproduksjonen redusert i alle dei andre regionane i fylket; Dalane minus 2,0 %, Ryfylke minus 1,6 % og Haugalandet minus 1,0 %. Desse tre regionane leverer til saman 102 millionar liter. Med andre ord, - Jæren produserer 65 % av all mjølka i Rogaland og distrikta 35 %.
Oppdatert oversikt
Fylkesmannen i Rogaland har nyleg oppdatert oversikta over mjølkekvoter i Rogaland. Kartlegginga av mjølkekvoter viser at det er behov for å prioritere og halde oppe mjølkekvotene i distrikta om vi skal oppfylle regjeringa sitt mål om landbruk over heile landet.
Minst 70 % av investeringsmidlane skal gå til distrikta
Fylkesmannen i Rogaland utviklar i samarbeid med Rogaland fylkeskommune og Innovasjon Norge Rogaland (IN) eit oppdragsbrev som IN styrer sine investeringsmidlar etter. Dei siste åra har det vore set krav om at 70 % av investeringsmidlane til tradisjonelt landbruk skal brukast til investeringstiltak i distrikta. Vidareføring av dette kravet er ikkje blitt svekka etter kartlegginga blei gjennomført.