Kurs i Samfunnsentreprenørskap

Frå september 2013 vil det for første gang i Rogaland bli arrangert kurs i Samfunnsentreprenørskap - lokal samfunnsutvikling. Kurset gir 10 studiepoeng.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.06.2013

Målgruppa er bønder og bygdeutviklarar samt andre som ser molegheiter for næringsutvikling basert på ressursar i lokalsamfunnet. Høgskolen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) er fagansvarleg for kurset som vil gå over tre samlinger på Finnøy (september, oktober og november).

Ryfylke Næringshage arrangerer kurset, i samarbeid med Utdanning i Ryfylke (UIR). Fylkesmannen i Rogaland og Rogaland Fylkeskommune har støtta kurset med midlar, noko som gjer at deltakeravgifta blir låg (kr 3000).

Sjå vedlegget for meir informasjon om dette spennande kurset. For spørsmål kan du ta kontakt med Heidi Skifjell i Ryfylke Næringshage på fnhage@finnoy.com.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.