Meir stabil mjølkeproduksjon i distrikta
Tal for mjølkekvotar i Rogaland har dei siste åra har vist ei utvikling med auka mjølkemengde på Jæren, medan mjølkeproduksjonen i distrikta har gått ned. Dei siste tala kan tyde på at mjølkeproduksjonen i distrikta er i ferd med å stabilisere seg.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I perioden frå 2008 til 2012 har mjølkekvotane i Rogaland i sum auka med 2,2 % frå 286 000 tonn til 292 000 tonn. På Jæren har auken vore på 4,4% frå 179 000 tonn til 187 000 tonn. Jæren har om lag 64 % av total mjølkekvote i Rogaland. I same femårsperspektiv gjekk mjølkekvotemengda i distrikta ned med 1,1 % frå 106 000 tonn til 105 000, men det siste året viste ei anna utvikling.
Auke i mjølkekvotane i Ryfylke og Haugalandet
Mjølkekvotane i områda utanom Jæren viste frå 2011 til 2012 ein auke på 1,2 % frå 104 000 tonn til 105 000 tonn. Dalane hadde framleis ein nedgang på - 0,2 % frå 2011 til 2012, medan Haugalandet hadde ein auke på 1 % og Ryfylke hadde ein auke på 2,4 %. I Rogaland totalt sett auka mjølkekvotane det siste året med 1,3 %, ein auke på 3 664 tonn. På Jæren var auken på 1,3 %, tilsvarande 2 428 tonn.
Framleis nedgang i tal bruk med mjølkeproduksjon
Når vi ser på utviklinga i tal bruk med mjølkekvote i Rogaland, så blir det stadig fære bruk med mjølkeproduksjon. I fylket blei det i perioden 2008-2012 totalt 167 færre bruk med mjølkekvote, ein nedgang på om lag 7 %. På Jæren var det ein nedgang på 79 bruk, i Dalane 24, Ryfylke 35 og på Haugalandet 29 færre bruk med mjølkekvote. I 2012 var det totalt 2 234 bruk med mjølkekvote i Rogaland.
Auke i mjølkekvota per bruk
Som tabellen under viser, har mjølkekvoten per bruk auka kraftig i perioden 2008 til 2012. Det tyder på at strukturutviklinga med større og færre mjølkebruk i Rogaland held fram.
Gjennomsnitt mjølkekvote i liter per bruk
2008 |
2009 |
2010 |
2011 |
2012 |
Endring |
|
Dalane |
105 560 |
109 718 |
111 166 |
110 692 |
113 526 |
7,55 % |
Jæren |
139 949 |
144 234 |
148 648 |
151 406 |
155 693 |
11,25 % |
Ryfylke |
93 309 |
94 683 |
95 496 |
97 789 |
99 381 |
6,51 % |
Haugalandet |
89 585 |
92 140 |
94 822 |
95 438 |
96 905 |
8,17 % |
Rogaland |
118 959 |
122 643 |
125 838 |
127 838 |
130 851 |
10,00 % |