Heiderspris til Brit Ane og Jarle Haugsland

Rogaland landbruksselskap sin heiderspris er for 2012 er tildelt Brit Ane og Jarle Haugland frå Suldal. Prisen blir delt ut under Landbrukskonferansen i Sandnes 5. mars.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.03.2013

Brit Ane og Jarle Haugsland er dyktige bønder som driv garden Østerhus i Erfjord. Her driv dei mjølkeproduksjon med 24 mjølkekyr og dei har 80 purker for smågrisproduksjon. Garden er på omlag 1500 dekar der omlag 60 dekar er fulldyrka. I tillegg paktar dei 4 gardar.

I ei tid der mange bruk går ut av produksjon har dei valt å satse på landbruket. Dei er og aktive og engasjerte i lokalsamfunnet. Brit Ane og Jarle Haugsland er særs gode representantar for landbruksnæringa i Rogaland.

Heidersprisen er eit dipolm utforma av Rita Aase Austvoll, Sandnes og ein stilisert gjerdeklyvar i bronse som er laga av metallkunstnar Lise Birkeland, Stavanger. Det er Rogaland landbruksselskap som står bak prisen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.