Dagtilbod på gard for personar med demens
Ny nasjonal handbok og nasjonal demensplan viser korleis kommunane kan nytte gardsbruk i sine tilbod for heimebuande personar med demens. I Rogaland er det allereie fleire døme på dagtilbod på gardsbruk for denne gruppa.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det har no kome ei ny nasjonal handbok om dagtilbod på gard for personar med demens. Den nye handboka blei lansert av politisk rådgjevar Margrete Dysjaland i Landbruks- og matdepartementet like før årsskiftet. «Med denne handboka legg Regjeringa til rette for at Inn på tunet-gardane kan gje eit enda betre tilbod til denne gruppa», sa Dysjaland under lanseringa.
Handboka, som er utvikla av Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse , skal vere til hjelp for både Inn på tunet-tilbydarar og kommunar som ønskjer å etablere aktivitetstilbod på gardsbruk for personar med demens. Du kan lese meir om handboka og bestille den her.
Inn på tunet – tverrfagleg nasjonalt satsingsområde
«Inn på tunet» (IPT) er eit paraplynamn på ulike velferdstenester frå landbruket og er i dag blitt eit nasjonalt og tverrfagleg satsingsområde. Tenestene er retta mot mange ulike brukargrupper og er i hovudsak knytt opp til oppvekst/opplæring-, helse/omsorg- og NAV-sektor. Inn på tunet har eit eige kvalitetssystem og godkjenningsordning som blir drifta av stiftinga Matmerk.
I Rogaland har vi allereie fleire døme på dagtilbod på gard til heimebuande personar med demens. I Vindafjord kommune finn vi Haugen gard og «Øvregård», og i Randaberg kommune finn vi Steindal gard.
«Inn på tunet – Rogaland» er ein nettverksorganisasjon for bønder som driv med Inn på tunet i vårt fylke, og er positive til eit utvida samarbeid når det gjeld å etablere fleire slike dagtilbod til personar med demens.
Demensplan 2020
Dagaktivitetstilbod for heimebuande med demens er ein viktig del av Demensplan 2020 frå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD). Frå 2020 er det eit mål at alle kommunar skal ha tilrettelagte tilbod til denne brukargruppa. I kap 5.3 og 5.4 i Demensplan 2020 har Inn på tunet fått eigen omtale. I planen heiter det mellom anna:
«Inn på tunet kan skape gode opplevelser og mestring for personer med demens. Gårdene gir unike muligheter for meningsfulle oppgaver og aktiviteter i stimulerende omgivelser uten institusjonspreg. Stell av dyr, stell av kjøkkenhage og frukthager, vedhogst, matlaging og felles måltider er noen av gjøremålene på en gård. Det er stort potensial for flere slike tilbud dersom kommuner og landbruket samarbeider om mulighetene.
Økonomisk tilskot til kommunane
Helsedirektoratet deler kvart år ut stimuleringsmidlar til oppretting av nye dagplassar for personar med demens. Desse midlane kan kommunen også bruke til å finansiere Inn på tunet tilbod. Midlane har vore utlyst årleg med fortløpande søknadsfrist. I 2016 var satsen kr. 71.300,- pr plass per år.