Bruk Lysefjorden

Lysefjorden har 500 000 reisande, kva kan distriktet tilby desse? "Bruk naturen og formidle det ekte" sa Bjørn Moe på samlinga om turisme i Lysefjorden tysdag kveld.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.12.2013

Dei nesten 50 personane som deltok fekk høyre korleis Bjørn Moe frå Mo Laksegard har bygd opp reiselivsbedrifta si. Uthald og samarbeidsvilje er viktige faktorar for å lykkast. Han måtte arbeide hardt i fleire år før han kunne ta ut løn. Bjørn Moe har drive Mo Laksegard i 30 år, og vore med på både opp og nedturar. 24 ulike TV-stasjonar har vore innom garden og filma.

85 prosent av drop-in gjestane på Mo Laksegard er på veg til eller frå Preikestolen. Dei som er der ei veke eller meir går alltid ein tur til Preikestolen.

Det vart i tillegg spurt om kva deltakarane kunne tilby dei reisande i Lysefjorden. Aktørane på samlinga tysdag kveld skreiv ned ei rekke med idear som arrangørane vil ta med seg i det vidare arbeidet. Døme på idear er sjokolade med smak og opplevingar av Fjord Norge, betre pakking av turar i Lysefjorden, klatring, kreativ verkstad, selskapslokale og guida turar.

Arrangør av møtet var Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke, Lysefjorden Utvikling – prosjektet ”Legg dei pengar att?” saman med Forsand kommune.

Mo Laksegard – www.molaks.no

Lysefjorden Utvikling – www.visitlysefjorden.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.