22-åring satsar på storfe
Lasse Sagård frå Bjørheimsbygd byttar ut sauane med ammekyr. Og nytt storfefjøs er bevisst plassert i ein skråning for å spare dyrka jord og beite.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det var Strandbuen som først omtalte den friske satsinga til ungdommen frå Ryfylke. Storfefjøset til 37 ammekyr hadde ein prislapp på 3,5 mill kr, men med stor eigeninnsats og støtte frå Innovasjon Norge har han halde kostnadene nede.
Fylkesmannen i Rogaland har teke initiativ til ei storfesatsing i Rogaland (2013 – 2017), der målet er å auke mengda av produsert storfekjøt. Gjennom informasjonsmøter og bonderetta rådgjeving skal underdekkinga av storfekjøt minimerast. Det er ein brei forankring av satsinga med deltaking frå slakteria Nortura, Fatland og Prima samt det regionale partnarskapet med Fylkesmannen i Rogaland, Innovasjon Norge og Rogaland fylkeskommune.
Les artikkelen i Standbuen her.