Temamøte om forureining frå jordbruket

Laugalandsåna i Hjelmeland kommune har god økologisk tilstand.
Laugalandsåna i Hjelmeland kommune har god økologisk tilstand. Det er målet for alle vassdraga i Rogaland. Foto: Monica Dahlmo.

I samband med rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland inviterer Statsforvaltaren og Rogaland fylkeskommune til digitalt temamøte fredag 30. september, opent for alle.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.09.2022

Det er klare forventingar til at Rogaland prioriterer regionalt miljøtilskot til tiltak som kan minske tap av næringsstoff til vassdrag. Det handlar mellom anna om god forvaltning av dei store mengdene med husdyrgjødsel i fylket, hindre erosjon på jordbruksareal og forvaltning av kantsonene langs vassdrag.   

Program

  • Velkomen!
  • Informasjon om rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland. Monica Dahlmo, seniorrådgivar hos Statsforvaltaren. 
  • Siste nytt om Regional plan for vassforvaltning. Anneli Vatshaug, Rogaland fylkeskommune
  • Faglege innlegg:
    • Optimal bruk av husdyrgjødsel. Odd Ingebret Paulsen, NLR Rogaland
    • Tett på vassdraga. Prosjektleiarane i dei to satsingane «Frivillige tiltak i landbruket» presenterer seg sjølv og sitt arbeid. Dei fortel om kva dei ser og opplev, og kor dei meiner skoen trykkjer.
      • Jæren vannområde: Maya Runde Stølen og Per Bjorland.
      • Haugaland vannområde: Anders Eidhammar
    • Kantsonar langs jordbruksjord og erfaringar med jordbrukstiltak i Haugaland vannområde ved vannområdekoordinator Sven-Kato Ege
  • Fellessatsing for Hålandsvatnet. Margit Reiersen, prosjektleiar hjå Statsforvaltaren i Rogaland
  • Dialog

 

Rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland

Alle landbruksføretak i Rogaland kan søke tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. Regionalt miljøprogram definerer kva slags ordningar som gjeld i Rogaland. Døme på ordningar i dagens program er tilskot til turstiar på/ved jordbruksareal, tilskot til gjødsling med miljøvenleg spreieteknikk, tilskot til grasdekte kantsoner langs vassdrag og tilskot til skjøtsel av bratt jordbruksareal. Økonomisk ramme i Regionalt miljøprogram blir bestemt i dei årlege jordbruksoppgjera, og for søknadsomgangen 2022 har vi 66,4 millionar kroner til disposisjon. 

Ny programperiode for Regionalt miljøprogram er 2023–2026. Saman med Rogaland bondelag og Rogaland bonde- og småbrukarlag og andre regionale aktørar skal Statsforvaltaren utarbeide nytt program. I forkant av høyringa inviterer vi til opne temamøte.

Interessert?

Møtet er gratis og opent for alle interesserte. Du melder deg på ved å fylle ut skjemaet. Link til teamsmøtet blir sendt til alle påmeldte seinast onsdag 28. september. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.