Jordbruket leverer på klima og miljø
Om lag 35 prosent av støtta til norsk jordbruk går til klima- og miljøtiltak. Det gjeld arealbruk, kulturlandskap, vassdrag, naturmangfald, energi og reduserte klimautslepp. Både i Norge og EU er klima og miljø viktige prioriteringar i forhandlingar om landbrukspolitikken som føregår i vår.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Norge
Jordbruket i Norge produserer rein, trygg og lokal mat, men og viktig fellesgode som landskap, miljø og forvaltning av natur. Om lag 6 mrd årleg går til klima- og miljøtiltak. Det er både nasjonale, regionale og nasjonale ordningar. Eksempel på dette er:
- Areal- og kulturlandskapstilskudd
- Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
- Regionale miljøprogram (RMP)
- Utvalgte kulturlandskap og Verdensarvområdene
- Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket
- Biogass
- Drenering av jordbruksjord
- Tilskudd til økologisk jordbruk
Det er i tillegg sektorovergripande regelverk og tilskot med betydning for jordbruket som blir forvalta av Klima- og miljødepartementet (KLD).
Meir om klima- og miljøtiltak i jordbruket kan du lese her.
EU
EU drøfter for tida kor mykje av den direkte støtta som skal gå til eige miljøprogram.
EUs landbruksministrar ble samde om forslag til ny landbrukspolitikk i oktober 2020. Forhandlingane om forslaget pågår nå mellom Rådet, Europaparlamentet og Europakommisjonen. Det portugisiske formannskapet vil føreslå at 22 – 25 prosent av den direkte støtta skal gå til et eige miljøprogram. Parlamentet og Kommisjonen vil ha 30 prosent til dette.
EU-ministre diskuterer fremtidens landbruk.
Sist oppdatert 02.06.21:
Grønn uenighet i EU
Det blei brudd i EU sine landbruksforhandlingar 27. mai. Nye forhandlinger er utsett til slutten av juni. Kompromissforslag om 25% øremerking til miljøvennleg landbruk blei det ikkje semje om. Tilskot til grønt landbruk i EU var mellom 2013-2020 frivillig og kunne utgjere 20% av totalen. Nå skal det bli obligatorisk for kvart land å øremerke til miljøvennleg landbruk. Forhandlingane må bli samde om kor stor denne delen skal vere framover. EU sine 10 millioner bønder må altså vente til dei veit rammavilkåra framover, slik bøndene i Norge venter på Stortinget si behandling av årets jordbruksoppgjør.
Fakta:
- EU har hatt felles støtteordning for landbruket sidan 1962
- I 2019 brukte EU-landene 57,9 milliarder på landbrukstøtte (591 mrd NOK)
- 41 mrd går direkte til bonden som inntektsstøtte. 14 mrd til distriksutvikling. 2,3 mrd går til marknadstiltak for å sikre prisar
- EU si felles landbruksplan utgjer snaut 40% av det totale EU-budsjettet
- 270 euro (2780 mrd NOK) skal over sju år gå til EU sine bønder - 400 mrd årleg