Bli med på konkurranse og send inn når og kor du ser vipa

Vipe på Tungenes i Randaberg kommune.
Vipe på Tungenes i Randaberg kommune. Foto: Tonje Fjermestad Aase.

Våren og vipa er snart her! Bli med på vår konkurranse, og send inn når og kor du ser vipa. Førstepremien er ei korg med lokalmat frå Rogaland, og i tillegg kan vi lokke med tre flotte vipekoppar. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.02.2023

For å vinne korga med lokalmat må du sende inn bilde. Sender du ikkje inn bilde blir du med i trekkinga av tre vipekoppar. Konkurransen blir avslutta 1. mai 2023, og vinnarane blir kontakta innan 15. mai på anten e-post eller telefon. 

Vi ønskjer at du gir detaljert informasjon om kvar du såg vipa, slik at det blir mogleg å legge observasjonen inn i artsdatabanken i etterkant.  

Bilde

Innsendaren har sjølv ansvar for å ha opphavsrett til bilda og sørge for at eventuelle avbilda personar er gjort kjend med og har godkjend at bilda blir brukt i offentlegheita. For bilde av born, må innsendar ha godkjenning frå foreldra om at bileta er med i konkurransen.

Alle bilda blir automatisk offentlege ved innsending til konkurransen. Bilda vil kunne bli brukt i digitale artiklar, trykksaker og sosiale medium av Statsforvaltaren i Rogaland. Slik bruk vil skje utan vederlag til fotografen, men fotografen vil bli namngitt.

Statsforvaltaren i Rogaland er arrangør av konkurransen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.