Miljøtiltak for vassmiljø

No er våren her og du kan allereie no planleggje og gjennomføre miljøtiltak som gis tilskot til igjennom Regionalt miljøprogram.
Her er ei oversikt over miljøtiltaka i Regionalt miljøprogram (RMP) som skal redusere forureining og betre vassmiljøet.
Ordningar for å minske avrenning av næringsstoff til vatn
I Rogaland er avrenning frå jordbruk ei av dei viktigaste kjeldene til at mange vassdrag ikkje har god økologisk tilstand. Dette gjeld særleg i dei sentrale jordbruksområda på Jæren og på Haugalandet, og blir spegla med tiltak i RMP. Tilskotsordninga RMP skal legge til rette for frivillige tiltak slik at påverknaden frå jordbruket blir redusert.
95 prosent av jordbruksarealet i Rogaland er gras. Utfordringane her er i stor grad knytt til avrenning frå gjødsling, rutinar rundt gjødsling og fosfortilstanden i jorda og avrenning av andre næringsstoff. Der det er open åker vil erosjon utgjere større fare for tap av jord og næringsstoff til vassdrag.
Viss du vil vite meir om vassførekomstane kan du gå inn på vann-nett.no., og finne alle vassdraga sin tilstand og påverknadskjelder.
Kantsoner på jordbruksareal
§19 Grasdekt kantsone i åker
Det blir gitt tilskot til å etablere og skjøtte grassoner på teigar med open åker langs vassdrag. Grassona skal ligge mellom vegetasjonssona/kantsona og åkerveksten. Avstanden mellom vassdraget og dyrka marka kan ikkje overstige 8 meter for å utløyse tilskot, sjå figur 1.
Grassona skal vere minst 8 meter brei. Minimum 6 meter av denne grassona skal ligge på fulldyrka areal. Difor kan den grassona som ein søkjer tilskot for ligge delvis eller fullstendig på dyrka marka.
Grassona skal bestå av fleirårig gras. Grassona skal ikkje gjødslast eller sprøytast, og skal haustast anten ved slått eller beite. Jordarbeiding og såing skal ved behov skje mellom 1. mars og 1. juli.
I regelverket for produksjons- og avløysartilskot er det krav om ei vegetasjonssone på minst 2 meter langs vassdrag med årssikker vassføring. Samtidig må søkarar vere merksam på at denne sona er omfatta av vassressurslova.
Søkarar må minimum ha 50 meter grasdekt kantsone for å utløyse tilskot.
§20 Kantsone i eng
Det er tilskot til å halde ugjødsla kantsone i eng langs vassdrag. Avstanden mellom vassdrag og dyrka marka skal ikkje overstige 8 meter for å utløyse tilskot, sjå figur 1.
Grassona skal vere minst 6 meter brei, minimum 4 meter av denne grassona skal ligge på fulldyrka areal. Difor kan grassona som ein søkjer tilskot for ligge delvis eller fullstendig på dyrka marka.
Grassona skal bestå av fleirårig gras. Grassona skal ikkje gjødslast eller sprøytast. Grassona skal haustast anten ved slått eller beite. Jordarbeiding og såing skal ved behov skje mellom 1. mars og 1. juli.
I regelverket for produksjons- og avløysartilskot er det krav om ei vegetasjonssone på minst 2 meter langs vassdrag med årssikker vassføring. Samtidig må søkarar vere merksam på at denne sona er omfatta av vassressurslova.
Søkarar må minimum ha 50 meter grasdekt kantsone for å utløyse tilskot.
Figur 1: Avstanden mellom vassdrag og dyrka marka kan ikkje overstige 8 meter for å ha rett på tilskot, dette betyr at den naturlege kantsona/vegetasjonssona mellom vassdraget og dyrka marka ikkje kan overstige 8 meter for å utløyse kantsone-tilskota (§19 og §20).
Gras for å hindre erosjon i open åker
§21 Grasdekte vassvegar og grasstripe i åker
Grasdekte vassvegar
Det blir gitt tilskot til fleirårig grassdekte vassvegar på åkerareal. Med dette meinast områda på åkeren der vatn renn og samlar seg, sjå figur 2 for eksemplar på godkjende plasseringar. Grasdekket skal vere minimum 6 meter breitt. Arealet skal bestå av fleirårige grasartar.
Viss den grassdekte vassvegen er breiare enn det som er minimum breidde på 6 meter, er det mogleg i RMP-søknaden å teikne inn 2 parallelle liner. Kvar line som teiknast inn i søknaden må oppfylle vilkår om minimum bredde på 6 meter.
Figur 2: Eksempel på godkjende plasseringar av grassdekte vassvegar. Vassvegar er områda på åkeren der vatn renn og samlar seg. Dette kan være på fleire moglege plasseringar og det er viktig å sjå på arealet og kva veg vatnet naturlig tek. Grasstripa trenger ikkje gå i ei rett linje.
Grasstripe i åker
Det blir også gitt tilskot for grasstripe på tvers av fallet i lange hellingar. Grasdekke på tvers av fallretninga skal minimum vere to meter breitt. Det er eit krav om åkerproduksjon på begge sidene av grasstripa, sjå figur 3.
Viss grasstripa er breiare enn det som er minimum breidde på 2 meter, er det mogleg i RMP-søknaden å teikne inn 2 parallelle grasstriper. Kvar stripe som teiknast inn i søknaden må oppfylle vilkår om minimum breidde på 2 meter. Dette betyr at viss det til dømes er etablert ei grasstripe med ein breidde på 4 meter eller meir, er det mogleg å teikne inn to parallelle liner i søknaden.
Figur 3: 3a) Godkjend plassering av ei grasstripe i åker. Grasstripe skal plasserast på tvers av fallet på åkeren. Det skal vere åkerproduksjon over og under grasstripa. 3b) ikkje-godkjend plassering av grasstripe i åker, fordi det ikkje er åkerproduksjon over og under grasstripa.
For både grasdekte vassvegar og grasstripe i åker skal fornying, jordarbeiding og såing skje mellom 1. mars og 1. juli.
Ordningar for å minske utslepp til luft
Rogaland har med sin store husdyrproduksjon store mengder med husdyrgjødsel til disposisjon. Det aller meste av husdyrgjødsla blir nytta lokalt og spreidd på jordbruksjorda i løpet av vekstsesongen. Tap av nitrogen til luft skjer både gjennom lagring og bruk av husdyrgjødsla. Gjennom å nytte spreieutstyr som anten legg gjødsla direkte på bakken eller skyt den ned i jorda kan tapa reduserast. I tillegg vil vasstilsetting av gjødsla betre infiltrasjonen slik at faren for overflateavrenning blir mindre. I Rogaland er miljøvenleg gjødselspreiing òg eit viktig tiltak for å minske næringstap til vassdrag.
For ordningane §21 nedfelling av husdyrgjødsel og §22 nedlegging av husdyrgjødsel gjeld dei same vilkåra. Det skal maksimalt spreiast 6 tonn per dekar vassinnblanda husdyrgjødsel per spreiing. Den som søker tilskot skal ha årleg gjødslingsplan og skiftenoteringar som viser spreiedato og mengd gjødsel spreidd per dekar. All bruk av gjødsel skal kome fram av gjødslingsplanen.
Siste spreiedato på areal det er søkt tilskot til er 10. august. Arealet skal haustast eller beitast etter siste spreiing. Det er den som disponerer arealet som skal søke tilskot. All bruk av husdyrgjødsel på areal det blir søkt tilskot til skal vere spreidd med miljøvenleg metode.
§21 Nedfelling av husdyrgjødsel
Det blir gitt tilskot til spreiing av husdyrgjødsel ved nedfelling på fulldyrka eller overflatedyrka areal.
§22 Nedlegging av husdyrgjødsel
Det blir gitt tilskot til spreiing av husdyrgjødsel ved nedlegging på fulldyrka eller overflatedyrka areal.
§23 Spreiing av husdyrgjødsel med tilføringsslange
Det blir gitt ekstra tilskot til dei som bruker tilføringsslange ved nedlegging eller nedfelling av husdyrgjødsel. Tilføringsslange må ha blitt brukt ved alle gjødslingane på arealet i søknadsåret.
Når du skal føre inn dette tiltaket i søknaden må du først teikne inn området du har brukt nedfelling/nedlegging. Dette tiltaket kan berre teiknast inne kor det allereie er teikna inn nedfelling eller nedlegging.
Jord og jordhelse
Fangvekstar er vekstar som blir sådd samtidig med, eller etter hausting av grønsaker, potet eller rotvekstar eller korn, oljevekstar, radkulturar eller mais. Formålet med fangvekstar er å samle opp næringsstoff og redusere jorderosjonen etter at hovudveksten er hausta. Det blir ikkje gitt tilskot til gjenlegg, det vil seie at fangveksten ikkje kan vere hovudkultur året etter.
- Såtidspunktet må vere så tidleg at fangveksten er godt etablert før november.
- Det kan maksimalt vere 15 prosent belgvekstar i fangveksten.
- Fangveksten skal ikkje gjødslast og sprøytast. Unnateke er sprøyting mot floghavre, hønsehirse og svartsøtvier. Viss ein har fangvekst som underkultur, kan ein gjødsle og sprøyte som normalt før hovedkulturen haustast.
- Fangveksten kan haustast ved slått eller beiting under føresetnad av at dette ikkje fører til vesentleg dårlegare effekt på grunn av køyreskadar eller betydelege skadar etter hard beiting og tråkk.
- Arealet skal ikkje jordarbeidast før 15. februar neste år.
§24 Fangvekstar som underkultur
Det blir gitt tilskot for fangvekstar sådd i veksande kulturar av korn, oljevekstar, radkulturar, mais eller grønsaker, potet eller rotvekstar.
§25 Fangvekstar sådd etter hausting
Fangvekstar er vekstar som blir sådd etter hausting av tidlegkulturar av grønsaker, potet, rotvekstar eller korn, oljevekstar, radkulturar, mais.