Kraftig auke i regionalt miljøtilskot
20,7 millionar kroner i auka ramme for Regionalt miljøprogram i Rogaland blei resultatet i årets jordbruksoppgjer. Dermed kan bønder i fylket søke regionalt miljøtilskot for til saman 66,4 millionar kroner i søknadsomgangen 2022.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Alle landbruksføretak i Rogaland kan søke tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. Ei auke i økonomisk ramme på 45 prosent er velkomen, og gir rom for fleire miljøtiltak i fylket. Det er likevel avgrensa kor stor effekt vi klarer å få allereie i år, sidan mange miljøtiltak må startast ved våronna som for lengst var unnagjort når jordbruksoppgjeret blei landa. Men det er eit viktig signal til bøndene i Rogaland om neste vekstsesong.
Endringar i 2022
Statsforvaltaren har, i samsvar med styringsgruppa for regionalt miljøprogram, auka tilskotssatsane for fleire ordningar, og fjerna tilskotstaka for søknader om tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing, miljøavtalar og kulturminne. Tilskot til grasdekte vassvegar i åkerareal er også innført som eit nytt for tiltak mot erosjon. I år blir det for første gang differensiert i tilskotssatsane for kantsoner i eng langs vassdrag, der areal som ligg i Jæren vannomåde og Haugaland vannområde får 10 kroner per meter, medan andre område får 7 kroner per meter.
Statsforvaltaren vil også gå i dialog med beitelaga i fylket om det er mogleg å få til avtalar mellom beitelaga for sanking i «tomme beiteområde», det vil seie beiteområde der det ikkje lenger blir sleppt sau, og der det ikkje er beitelag som organiserer tilsyn og sanking. Dyr som beiter i tilgrensande forviller seg av og til inn i desse områda, og det er ekstrakostnadar knytt til sanking.
Det er med vilje ikkje gjort andre store endringar, i og med at Regionalt miljøprogram i Rogaland skal rullerast i år.
Handlingsrom til rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland
Vi står ovanfor ei rullering av regionalt miljøprogram i Rogaland. Ny programperiode skal gjelde frå 2023–2026. Det er Regionalt miljøprogram som definerer kva slags ordningar som skal virke i Rogaland. Saman med Rogaland bondelag og Rogaland bonde- og småbrukarlag og andre regionale aktørar skal Statsforvaltaren utarbeide nytt program. I forkant av høyringa inviterer vi til opne temamøte. Det blir også ordinær høyring av ny forskrift til hausten.
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66