Prosjektmidlar til klima- og miljøtiltak
Frist for å søkje om regionale midlar til klima- og miljøtiltak er 13. mars. Fylkesmannen i Rogaland har i år kr 600 000 til fordeling til prosjekt som kan bidra til å løyse våre regionale utfordringar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I tillegg er det mogleg å søkje midlar nasjonalt. Sjå meir informasjon på heimesida til Landbruksdirektoratet.
Regionale prioriteringar
Søknadar som understøtter strategiar i Regionalplan landbruk om miljø- og klimatiltak i jordbruket vil bli prioritert. For 2015 ønskjer vi særskilt å få inn søknadar på følgjande område:
- Fellestiltak som mobiliserer jordbruket til auka miljøinnsats
Prosjekt innan følgjande tema:
- Kartlegging av avlingsnivå på areal kor det er etablert miljøavtalar
- Utvikling av rettleiar for handtering av vaskevatn i driftsbygningar
- Vurdering av næringsavrenning frå veksthusproduksjon
- Utvikling av rettleiar for bruk av husdyrgjødsel i juletreproduksjon
- Evaluering av Lysefjordordninga i Regionalt miljøprogram
- Bruk av kje til utsiktsrydding
Fylkesmannen vil maksimalt gi tilskot inntil 70 % av prosjektet sin totale kostnadsramme. I særlege tilfelle kan det bli gitt tilskot utover dette.
Søknaden skal sendast per post eller e-post til:
Fylkesmannen i Rogaland
Landbruksavdelinga
pb 59
4001 Stavanger
E-post: fmropost@fylkesmannen.no
Søknaden må minst innehalde følgjande:
- Grunnopplysningar:
- Prosjekteigar: Namn, organisasjonsnummer, Adresse, postnr, poststad, kontonummer, telefonnummer og e-postadresse
- Kontaktperson: Namn på kontaktperson/ansvarleg for prosjektet
- Namn på eventuelle samarbeidspartnarar
- Prosjektet sin tittel
- Prosjektperiode
- Prosjektet sine mål, eventuelt delt inn i hovudmål og prosjektmål
- Prosjektomtale:
- Bakgrunn
- Kva skal gjerast og korleis tenkjer de å gå fram?
- Framdriftsplan
- Økonomi.
- Kostnadsoverslag
- Finansieringsplan
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66