Ny utsetting av frist for spreiing av husdyrgjødsel til 27. august

Utsettinga gjeld føretak som vil søkje tilskot frå regionalt miljøprogram til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel. Fristen blei først utsett til 20. august, men dei store nedbørsmengdene har gjort det nødvendig med ytterlegare utsetting.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.08.2016

Mange bønder har ikkje fått tatt inn 2. slåtten. No er værmeldinga betre etter 13. august, men jorda må få tid til å tørke opp før slåtten. Mange vil ikkje klare å kjøre ut husdyrgjødsla før 20. august.

Fylkesmannen kan ved særlege klimatiske tilhøve utsette fristen i Regionalt miljøprogram for spreiing av husdyrgjødsel.

Ny frist for siste spreiing av husdyrgjødsel på areal det blir søkt tilskot er 27. august. Dei som har gjødsla etter miljøvenleg metode, og som planlegg å gjere det også etter 2. slåtten skal føre opp arealet på søknaden om regionalt miljøtilskot. Her er søknadsfristen 20. august.

Dei med miljøavtalar (gjeld i utvalde vassdrag) som får problem med fristen 10. august må ta kontakt med kommunen.

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.