Stor etterspørsel etter investeringsmidlar i landbruket
Fredag 22. mars var det møte i Landbrukspartnarskapet, der Innovasjon Norge la fram status for bruk av investeringsmidlar. Det er fram til påske løyvd 84 millionar kroner til 76 saker.
Innovasjon Norge (IN) la fram status for løyvingar av investeringsmidlar i landbruket – IBU-midlar. Det er framleis investeringsvilje i næringa, og auka sats har truleg gitt auka etterspurnad etter IBU-midlar. Det er sjeldan løyvd så mykje av potten så tidleg på året, og vi fekk rett i at mykje av midlane ville bli brukt før påske. Møtet i Landbrukspartnarskapet er nyttig som grunnlag for å sjå om vi treff i høvet til strategien, og korleis tilstanden er når det gjeld investeringsvilje.
26 mjølkefjøs til nå i 2024
IN har til nå i 2024 motteke 26 saker som gjeld nye mjølkefjøs, og ein del av desse sakene kan bli finansiert av nasjonal pott tiltenkt dette føremålet. I 2023 blei det løyvd 48 millionar kroner til 22 mjølkefjøsprosjekt. I 2024 vil det bli løyvd over 100 millionar til mjølkefjøs i Rogaland, grunna fleire saker og klar auke i tildeling av tilskot i kvar sak. Samstundes er det viktig å framheve at det til nå i år er løyvd 37 millionar kroner til andre prosjekt, eksempelvis omlegging til SPF-gris.
Viktig å nytte nasjonal ramme på 100 millionar kroner
Rogaland er tildelt 90 millionar kroner i IBU-midlar for 2024, i tillegg er det sett av ein nasjonal pott på 100 millionar kroner for å imøtekome lausdriftskravet. Dette er inntil vidare tiltenkt investeringar i mjølkeproduksjon med påsett. Den nasjonale potten er tenkt nytta i dei fylka som har brukt opp eiga ramme. Difor er det ekstra viktig dette året å søkje tidleg på året til alle prioriterte føremål.
Har du tankar om å søkje om IBU-midlar i 2024 eller 2025 – gjer det nå!
Dersom du har tankar om å ta del i potten for 2024, må du vere snar med å søke. Det er godt kjent at Rogaland ikkje får tildelt midlar i forhold til omfang i husdyrhaldet, og da er det ekstra viktig at vi får ein god del av nemnte nasjonale potten. Det er avklart at den nasjonale potten til lausdriftsfjøs også skal gjelde for 2025. Det er slik sett viktig at du som har tenkt å investere i 2025 søkjer om tilskot allereie hausten 2024. IN kan då vere klar for løyving i januar 2025.
Mobilisering til hausten
Det var semje i partnarskapet om å arrangere regionale mobiliseringsmøte om IBU-midlane til hausten, med ei brei målgruppe. Aktuelle tema vil vere prioritering av midlar, korleis IN vurderer prosjekt og alternative byggeprosessar (full eller trinnvis utbygging). Det vil kome meir informasjon om dette når tid og stad er avklart.
Regionale tilretteleggingstiltak i landbruket
Rogaland fylkeskommune informerte i møtet om at det er kome inn fleire gode søknader til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket (RT-midlar). Meir om denne ordninga finn du på eiga nettside. Første søknadsfrist var 28. februar, og neste frist er 18. oktober 2024.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13