Stø kurs for investeringsmidlar i landbruket for 2025
Torsdag 31. oktober var det dialogmøte i Landbrukspartnarskapet i Rogaland, der hovudtema var status for bruk av investeringsmidlar for 2024 og prioritering for 2025.
Rogaland fylkeskommune har i oppdrag å utforme oppdragsbrevet til Innovasjon Norge knyta til dei bedriftsretta investeringsmidlane (IBU) i landbruket, og prioriteringa blir avklart gjennom god dialog i partnarskapet. På møtet hadde vi ein avklarande dialog om prioriteringane for 2025.
96 millionar i IBU-potten for 2025
I jordbruksoppgjeret for 2025 blei det avtalt å sette av 1272 millionar kroner til investeringsmidlar i jordbruket, av dette går 96 millionar kroner til Rogaland. Det er også for 2025 sett av 100 millionar kroner av løyvinga til ein sentral pott øyremerka til lausdriftsfjøs. Det er også avtalt auke til kva som kan løyvast i eit prosjekt, med inntil 40 prosent og 3,5 millionar kroner for andre investeringsprosjekt enn lausdriftfjøs.
Endringane i forskrift frå juni 2023 blei gjort for å stimulere ekstra til ombygging til lausdrift for storfe, med inn til 50 prosent og maksimalt tilskot på 5 millionar kroner. Og det er framleis ei klar prioritering av små og mellomstore mjølkebruk av omsyn til lausdriftskravet, og dette er difor vektlagt i vår prioritering også for 2025. Søk gjerne nå for å kome i posisjon for løyving i 2025.
Stor etterspurnad etter IBU-midlar også i 2024
Heile 140 millionar kroner av IBU-midlane for 2024 har gått til 40 mjølkeprosjekt, av dette var 26 saker til heilt nye fjøs. Gjennomsnittleg støttenivå har vore 38 prosent. Vi fekk brukt over 90 prosent av den nasjonale potten til føremålet, fordi vår lokale pott var brukt opp før sommaren. Prosjekt som er i tråd med vår prioritering må vente grunna mangel på midlar, og det ligg om lag 10 mjølkeprosjekt i kø for løyving i 2025. Det er elles løyvd midlar til svineanlegg for omlegging til SPF (besetningar som er heilt fri for spesielle smittestoff) og til nødvendig fornying av sauefjøs.
Prioritering av investeringsmidlar i 2025
Det var semje om å følgje hovudtrekka i oppdragbrevet for 2024, altså fokus på mjølkefjøs for inn til 30 kyr med basis i eiga kvote og eige grovfôrgrunnlag. I tråd med nasjonale, og faktiske behov i Rogaland, vil vi halde fram med høg støttesats i det enkelte prosjekt, der dei høgaste prioriterte investeringar til lausdriftsfjøs vil oppnå støtte på over 40 prosent av kostnadsoverslag. Det blir framleis opna opp for midlar til sau og kjøtfe, innan eksisterande produksjon og med særleg fokus på dyrevelferd. Det vil også vere høve til å søkja midlar til oppgradering der mjølkerobot inngår, og til fornying/oppgradering av eldre og lite tidsmessige lausdriftsfjøs. Meir konkretisering kjem fram av oppdatert informasjon på Innovasjon Norge si nettside.
Bionova blir viktig i satsinga på biogass
Vi står nå føre realisering av etablering av biogassanlegg i Rogaland, og det vil mellom anna gi behov for investering i lager for mottak av biorest. Støtte til slike lagre kan kanskje bli definert under ordningar i Bionova, og som då ikkje vil ta bort midlar frå den avgrensa IBU-potten. Også energitiltak i veksthus kan bli støtta gjennom ordning i Bionova.
Webinar 4. desember om prioritering 2025
Det blei semje i møtet om å arrangere eit ope webinar 4. desember kl 1300 - 1500 med tema prioritering IBU 2025, og anna aktuelle informasjon. Det vil kome meir informasjon om dette seinare. Velkomen til å delta!
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66 -
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13