Pakkeriet må utvide for å ta unna fruktavlingane
Pakkeriet i Årdal utvidar kjølekapasiteten med 330 m2, og skal nå kunne handtere 1100 – 1200 tonn med rogalandsfrukt.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
På vårt besøk ved pakkeriet 21. juni var det lite frukt å sjå sjølv om den deilige eplelukta fylte kvar ein cm3 med luft. Men, det var ikkje stille, for arbeidarar var i full sving med å oppgradere og bygge om.
Stadig meir frukt frå Rogaland
Ryfylkefrukt SA starta opp planlegginga av pakkeriet i 2015/16, og da var dei 20 fruktprodusentar som var med i selskapet. Nå er dei blitt 36 fruktprodusentar, og behovet for å auke kapasiteten stig i takt med auke i avlingane og tal medlemar. Medlemane som leverer frukt til pakkeriet kjem frå Hovsherad i sør til Jelsa i nord.
Pakkeriet sto ferdig i 2017 til ein kostnad på 16 millionar kroner for bygning og utstyr. Med større kjølekapasitet har dei og større moglegheit til å dele inn i fleire mindre celler og med ulike temperaturar. I desse dagar skal sorteringslina som dei kjøpte brukt, skiftast ut med ei meir moderne.
Fruktsesongen startar nå i juli med morellar og så kjem eple og pærer utover hausten. Den varer til midten av desember og kanskje helt til januar/februar, avhenger av fruktavlingane og sal/etterspørsel. I den travlaste perioden er det opptil 10 personar som er sysselsett.
- Sesongen i år har vore prega av tørke, men stemninga er god blant fruktdyrkarane som har tru på gode avlingar i år, seier Agnar Apeland som er dagleg leiar ved pakkeriet.
COOP er den største mottakaren
Berre ti år tilbake var det berre COOP som var mottakar av frukta som blei produsert i Rogaland. Nå tar BAMA også unna litt av produksjonen. Fordelinga mellom COOP og BAMA er 80/20. Dei som leverer til BAMA testar nå ut nye sortar som Fryd og Eden.
Forsking for å forlenge lagring og salgsperioden på eplene
Pakkeriet har vore med på uttesting av ein metode for behandling av eplene i stor skala kalla «Smartfresh» som skal oppretthalde god kvalitet på frukta lenger ut over vinteren. Denne testinga er gjort i lag med to andre pakkeri, Ullensvang fruktlager og Nå fruktlager. NIBIO Ullensvang har vore prosjektleiar og tatt seg av sensoriske analysar av eplene.
Sjølvforsynt med energi
Agnar Apeland viser stolt fram nyvinninga som blei tatt i bruk 14. april i år, – solcelleanlegget til 1,0 millionar kroner. Det er montert 242 panel på taket og desse dekker pakkeriet sitt energibehov på 90 000 kW per år. Pakkeriet har fått Enova-støtte til anlegget og til ei varmepumpe.